Å bestemma over eige kjønn

Å bestemma over eige kjønn
Udefinert trans: Esben Esther Pirelli Benestad var fyrste transperson til å gå offentleg ut om sin kjønnsidentitet her til lands. Foto: Lara Kristiansen.
Udefinert trans: Esben Esther Pirelli Benestad var fyrste transperson til å gå offentleg ut om sin kjønnsidentitet her til lands. Foto: Lara Kristiansen.

Annleis

Med bakgrunn frå det tjukkaste bibelbeltet i Grimstad var det ikkje sjølvsagt at Esben Esther Pirelli Benestad skulle vera den som kom ut som udefinert trans på riksdekkande TV i 1992. Då hadde hen alt vore open for nære venner og familie, men valt å ikkje ta steget fullt ut endå. Likevel hadde Benestad kjent på det å vera “annleis” heilt sidan 3-4-års alder.

“Eg blei flink til å vera åleine heime,” kommenterer Benestad i ettertid. Med mor og søster var det lett å få tak i kjolar og hælar, noko litle Benestad fant veldig spanande. Ved å unnslippa barnepass fekk hen moglegheita til å sjølv prøva seg på typiske “jenteting” utan vaksen innblanding. Likevel var det ein flauheit ved det heile som haldt ved. Det som Benestad i dag kallar transbegava, å ha ein kjønnsidentitet som ikkje samsvarer med samfunnets norm om å berre ha to kjønn, var for den unge både skremmande og ukjent.

Pissredd

Det å bli tatt på fersken i kvinneklede av hens tidlegare partner gjorde at Benestad måtte konfrontera seg sjølv. Etter kvart fekk venner og kjente vita om Benestads ulike sider, slik at saka ikkje var så stor for heimbygda sjølv om det kanskje forbausa mange andre i Norge den gongen på 90-talet. Då tok hen steget fullt ut av “skapet” på riksdekkande TV.

“Var du ikkje redd for å koma ut?”
“Jo, eg var pissredd! Men etter kvart innsåg eg at om nokon meiner det er noko gale med meg så er det noko gale med dei.” Benestad poengterer òg at hen tenkte at om nokon skulle stå fram, “så måtte det vera meg!”For mange som står fram med noko dei har holdt skjult for nære i lang tid er det stor uro for korleis dei rundt skal takle den nye informasjonen. Benestad, derimot, var ikkje så uroleg for akkurat dét.“Å leve i skjul er meir skadeleg,” poengterer hen. Tema rundt eigen identitet kjem ofte fram før eller sidan, og dess lengre ein unngår sanninga vil òg reaksjonane bli sterkare frå dei rundt. Benestad var difor ikkje så bekymra for reaksjonen til familie og venner. I ettertid har hen og erfart med eigne barnebarn at dei unge kan takla ulike kjønn kanskje vel så bra som vaksne. For, som hen poengterer, “For barn er verda ny. Difor kan ein ikkje skyve dei framfor seg.”

Nye moglegheiter

Benestad er utdanna lege, og har i mange år vore fastlegen til fleire av Grimstads innbyggjarar. Pasientanes møte med den “nye” Benestad gav legen fleire nye opplevingar.

“Pasientane byrja gjerne å snakka om andre ting. For eksempel blei kvinner meir opptatt av ‘kvinneting’ etter at eg kom ut,” seier hen. Likevel trur hen at somme pasientar kanskje falt vekk, enn om hen sjølv ikkje har merka stort til det. Det kan vera kontroversielt for pasienten å gå til ein lege som er trans når pasienten tenker at det er noko gale med legen.

“Fordi ein kan jo ikkje gå til ein doktor som er sjuk sjølv,” spissformulerer Benestad, “Men dei går glipp av ein god lege.”
Benestad har blitt til eit landsomfattande førebilete for transpersonar, og mange har difor oppsøkt hen for hjelp i nettopp transrelaterte saker. Arbeidet med transpersonar og personar med andre kjønnsuttrykk bidrog òg til at hen fekk stillinga som professor i sexologi ved Universitetet i Agder ilag med kona Elsa Almås. Dessutan driv hen privatpraksis som sexolog og lege. Arbeidsutsiktene har med andre ord ikkje vore skada av Benestads val om å vera open trans i dag, kanskje tvert om.

Generelt sett tenkjer Benestad at hen har hatt lite problem med å koma ut som transperson, sjølv i yrkeslivet. Men det er likevel noko hen vil poengtere:
“Er det ein ting eg klager på, så er det at det tok for lang tid.”

Ei endring av språket

Noko av det eg merker godt i samtalen med Benestad er kor viktig språket er for hen. I tillegg til å bruka det kjønnsnøytrale pronomenet “hen” kjem ord som “transbegava” og “ze” fram. Benestad tenker at det å vera transperson er eit talent, difor er ein transbegava, og hen ønsker kjønnsnøytrale og kjønnslause pronomen inn i det norske språket.

Benestad er engasjert i debatten om kjønn, og er professor i sexologi ved Universitetet i Agder. Hen og kona Elsa Almås var dei fyrste til å ha eit slikt professorat i Norge. Foto: Lara Kristiansen.
Benestad er engasjert i debatten om kjønn, og er professor i sexologi ved Universitetet i Agder. Hen og kona Elsa Almås var dei fyrste til å ha eit slikt professorat i Norge. Foto: Lara Kristiansen.

“Men kvifor vil du endra det norske språket i så stor grad? Er det berre for at det skal passa deg?”
“Det finst dramatiske og subtile former for diskriminering,” seier Benestad, og fortel om korleis det berre finst pronomen for personar med mannleg eller kvinneleg kjønnsidentitet. Derimot finst det òg transpersonar, intersex og andre som “ikkje finst i dei språklege speglane.” Desse andre blir, etter Benestads meining, difor indirekte diskriminert beint fram fordi det ikkje finst ord til å skildre dei.
Benestad har i fleire omgonger vore i kontakt med Språkrådet, hovudsakleg for å argumentera for dei to pronomena “hen” og “ze”. For hen er det ei kjensle av ansvar slik at alle skal få føla seg inkluderte i samfunnet. Fordi kva gjer du om du er “for mykje kvinne og for mykje mann i vanleg forstand”, slik Benestad skildrar seg sjølv? Då kjenner hen at det trengs ei endring av språket slik at kabalen skal gå opp.

Egoisme

“Er det ikkje egoistisk å ville endra det norske språket?”
“Egoismen er å forventa at alle skal vera like,” seier Benestad, og sett det litt på spissen. “Det er livsviktig å få ut viktig talent. Ein kan bli dårlig av å ikkje gjera det.”

Benestad tenker at å koma ut som transperson eller ein annan kjønnsminoritet difor ikkje er egoisme, sjølv om det kanskje kan vera vanskelig for dei som står ein nær. Derimot finst det mange eksempel på at å ha eit mangfald av kjønn kan vera veldig positivt, slik som i Benestads tilfelle. Kanskje var det eit sjokk for omverda i første omgong, og det var heller ikkje lett for Benestad sjølv i byrjinga, men det å koma ut har gitt både hen og Norge mykje ny kunnskap om ulike kjønnsminoritetar.
Om det er egoisme i å vera open transperson eller ei blir vel opp til kvar enkelt å tolka. Sjølv kan eg ikkje gjera anna enn å konkludera med det Benestad gjer:
“Konsekvensane er mykje større ved å lukka verda enn å opna ho.”
Det får bli siste ordet i debatten for denne gong.

Av: Sunniva Marie Hustoft