Blinderns eigne politikar

Blinderns eigne politikar

– Eg oppfordrar alle til å engasjere seg i studentpolitikk. Bli med i program- eller fagutvalg, eller
bli med i ei liste! seier Amanda Schei, Studie- og Forskingsansvarleg i UiO sitt
Studentparlament. Korleis ho sjølv blei studentpolitikar og kvifor nett du skal prøve på det same
gir ho klar beskjed om.

Amanda Schei framfor Villa Eika på Blindern, arbeidsplassen hennar dette undervisningsåret. Foto: Remi Aure Reksten
Amanda Schei framfor Villa Eika på Blindern, arbeidsplassen hennar dette undervisningsåret. Foto: Remi Aure Reksten

Kumulert inn
Nett som i lokal- og fylkestingsvala kan ein kumulere folk når ein stemmer ved parlamentsvalet
hjå UiO. Dette betyr at ein gir «ekstra» stemmer til dei ein gir eit kryss til på listene, som i sin tur
kan endre kven som får koma inn frå lista. Og sjølv om Schei teknisk sett sto på fjerdeplass på
Liberal Liste ved parlamentsvalet i 2012, vart ho vald inn som toppkandidaten til lista på grunn
av kumuleringa.

Trass i ei nedgong på over to prosentpoeng for Liberal Liste samt éin mindre plass i parlamentet,
vart det semje innad i Studentparlamentet om å la Amanda Schei få ta vervet som Studie- og
Forskingsansvarleg etter vårens val.

– Det er kult å vere med og påverke her på UiO, seier ho om det å ha fulltids- og honorert verv
for Studentparlamentet. Ilag med henne arbeidar leiar Gabrielle Legrand Gjerdset, nestleiar Eva
Holthe Enoksen, universitetsstyrerepresentant Ådne Hindenes og internasjonalt ansvarleg Martin
Uleberg.

Såg ikkje poenget
Sjølv om Schei gjorde eit brakval då ho kom inn i Studentparlamentet, hadde ho eigentleg ikkje
tenkt til å driva med studentpolitikk i det heile. Etter fleire år i ungdomspolitikken gjennom Unge
Venstre hadde Schei fått ei god innføring i ulike politiske område. Det virka litt meiningslaust, og eg såg ikkje poenget med å berre drive med studentpolitikk,
seier ho. Ho blei likevel overtalt av venn og partifelle Øyvind Bjørgo til å bli med på Liberal
Liste i parlamentsvalet, og etter å ha vorte vald inn, og fått ei innføring i arbeidet, skifta ho fort
meining.

– No er det interessant å jobba så spesifikt med det. Likevel er det jo eit stort ansvar! Det betyr
veldig mykje at studentar kan påverke det som skjer på UiO.

Møter, utval og eit ansikt utad
Og påverke får dei. Mykje av verksemda til dei som arbeidar heiltid med studentpolitikk, slik
som Schei, er å gå på ulike møte kor dei representerer studentane.

– Ifølge Universitets- og Høgskulelova skal alle organ som arbeidar med noko som påverkar
studentar ha 20% studentrepresentasjon, fortel Schei. Ho sjølv er som oftast representert i ulike
utval som har med forsking, studiekvalitet og liknande å gjere. Dessutan nemner
studentpolitikaren at det er viktig å verke som eit ansikt utad gjennom å vere delaktig på ulike
arrangement for studentar som skjer både på Blindern og kringom i byen, til dømes debattar om
studentpolitikk.

– Alle kan koma og snakka med oss! seier Schei, og oppfordrar alle til å vitja Villa Eika om det
er noko dei har på hjartet. Det er trass alt Studentparlamentet som er det viktegaste talerøyret for
studentar på Blindern.

Pedagogisk opplæring og rettleiingstilbod
– Studiekvalitet skal vere like viktig som forsking, seier Schei, og nemner at pedagogisk
opplæring av professorar og andre førelesarar på UiO bør gjerast meir hyppig slik at det sterke
forskingsmiljøet blir underbygga av kvalitativ undervisning av studentane. Dette er ei sak som er
viktig både for Schei og dei andre i Studentparlamentet, og difor er ho ein del av handlingsplanen
for 2013/2014. Dette dokumentet vart vedteke for litt sidan, og er å finne på Studentparlamentets
nettstad. Og elles, om du hadde hatt all makt på UiO?

– Då vil eg betre rettleiingstilbodet, slik at forskjellane mellom til dømes MatNat og SV-
fakultetet blir mindre.

Meiningsfylt arbeid
Som mange av dei aktive i Studentparlamentet hadde Amanda Schei ei bakgrunn frå politikken
før ho byrja å arbeide på Villa Eika. Ho kunne òg godt tenkje seg å arbeide med
kunnskapspolitikk seinare. – Det er spanande, og eg trivs godt.

Kva er det beste med å vere engasjert?
– Ein gjer noko meiningsfullt, nemner ho fort. – Eg får påverke noko som er større enn meg sjølv
som individ, og bidra til fellesskapet.

Schei nemner òg at det er mykje sosialt i vervet, og at ho har lært særs mykje. – Ein utvidar eigen
horisont! seier ho. Og som politisk engasjert kan dette kanskje vere hennar springbrett inn i det
kunnskapspolitiske liv. Personar som Nikolai Astrup (H) og Knut Arild Hareide (KrF) har begge
vore medlemar i studentparlament ved høvesvis UiO og UiB, og er i dag etablerte politikarar.
Avsluttingsvis vil Schei oppmode alle som er interessert i å betre forholda for studentar til å
engasjere seg i studentpolitikken. Ein kan bli med i program- og fagutval på kvar sine respektive
studiar, eller melde seg til ei liste i Studentparlamentet. Då er det mykje ein kan få til. Kanskje vil
ein til og med vie eit heilt år til studentpolitikk slik som Amanda Schei og hennar kollegaer har
gjort. – Gjer noko meiningsfylt, bli engasjert!

 

Av Sunniva Marie Hustoft