Frå Tin Pan Alley til Tidal

Frå Tin Pan Alley til Tidal

Når strømmetenestene no er i ferd med å bli dominerande for musikkavspeling er det ikkje første gong lyttevanane våre endrar musikken vi lyttar på.

Marxistisk musikkhistorie
Om ein går 100 år attende i tid ser ein at musikken, særs populærmusikken, har hatt ei nærast revolusjonerande utvikling. Mykje av dette har kome som eit resultat av musikalsk utprøving og møte mellom menneske som saman har skapt nye idear. Likevel er det ikkje noko tvil om at også musikkteknologien har gjort revolusjonerande framsteg. Når ein først er inne på revolusjon, kan det vera passande å trekkje inn gamle Karl Marx. Han var i si tid ein talsmann for såkalla historisk materialisme, som inneber at ein vektlegg økonomiske forhold, framfor idear, som den viktigaste drivkrafta i samfunnsutviklinga. Ein del av denne teorien er teknologisk determinisme: Teknologiske nyvinningar formar samfunnet. Dette er, i likskap med dei fleste av teoriane til Marx, som krydder på maten: Passelege mengder gjer at smaken blir rikare, og kan opne opp horisonten for nye syn. Kva med å krydre populærmusikkhistoria med litt historisk materialisme

TIN PAN ALLEY: Gata med alle låtskriverane. Foto: Ben Sutherland/Wikimedia commons
TIN PAN ALLEY: Gata med alle låtskriverane. Foto: Ben Sutherland/Wikimedia commons

Dei viktige notehefta
Et sted å byrje er i populærmusikkens barndom og bydelen Tin Pan Alley i New York på 1920-tallet. Der jobba datidas A-lag av komponistar med å laga musikk til artistar, musikalar og andre. Alt vart skrive ned på notar, og trykt opp som notehefte. Platespelar og plater var eit luksusgode folk flest ikkje hadde råd til. Men fleire hadde råd til et notehefte, og dei som var musikalske kunne på den måten spele favorittlåtane dei hadde høyrt på radio eller revy heime. Desse notehefta vart også nytta av byens jazzmusikarar då dei kom saman for å jamme på røykfylte klubbar i dei seine nattetimane etter at kveldens spelejobb var unnagjort! Det var denne jamminga som resulterte i overgangen frå den tradisjonelle jazzen til den moderne jazzen. Pionerar innan denne utviklinga som Charlie Parker, Dizzy Gillespie og Thelonius Monk blir av mange rekna som dei første legendene innan ein av dei første moderne jazzsjangrane, bebop. Inga notehefte, inga jamming. Inga jamming, inga bebop. Inga bebop, inga «Scrapple from the Apple», «Round about midnight» eller «A night in Tunisia».

BIRD AND DIZ: også kjend som Charlie Parker og Dizzt Gillespie. Foto: Jason Hickey/Flickr.com
BIRD AND DIZ: også kjend som Charlie Parker og Dizzt Gillespie. Foto: Jason Hickey/Flickr.com

Ungdomsopprør
Jazz frå 40-talet vart i stor grad spelt inn på 78 rounds per minute (rpm) grammofonplater, såkalla «steinkaker». Ved overgangen til 45 rpm vart det enklare for små uavhengige plateselskap å gje ut musikk, platene vart billegare og hit-singelen vart artistanes kjennemerke og merkevare. Denne merkevara vart ein viktig del av den spirande ungdomskulturen på 1950-talet. Ein viktig, om ikkje avgjerande del av ungdomskulturen var den nye sjangeren rock and roll og dei første ungdomsidola som Elvis Presley og The Beatles. Låtane som gjorde dei til verdsstjerner, fekk jentene til å grine, gutane til velte bilar i gatene og etablere «ungdom» som eit uttrykk mellom barndom og vaksen vart gjeven ut på 45-plater.

Kunstnarisk og teknisk nyskaping
Etter kvart byrja fleire av dei første rockebanda å gje ut plater på 33 rpm-format. Artistane ga då ut heile album, ikkje berre singlar. Dette opna opp for dei låtane som ikkje var hits, og som var meir utfordrande og eksperimenterande. Til dømes byrja britiske band på slutten av 1960-talet å spesialisere seg på låtar over 5 minutt med element frå klassisk musikk. Desse banda er i dag kjende som dei første progrock-banda. Ikkje berre eksperimenterte desse banda med format, men også med lyd- og teknologieffektar. Det mest kjende dømet på dette er Pink Floyds konseptalbum «Dark Side Of The Moon». Eit konseptalbum er ikkje berre ei samling enkeltlåtar, men eit album som utgjer ein heilskap, som eit klassisk verk. Omtrent på same tid gjorde Led Zeppelin suksess med å spele inn plater med djupare riller enn andre. Djupare riller gjev høgare lyd, noko som gjorde at ei Zeppelin-plate uansett vart høgare, hardare, kraftigare og feitare enn alle andre samtidige. Pink Floyd og Zeppelin er berre to døme på at teknisk og musikalsk nyskaping kan gå hand i hand som del av suksessforklaringa til kjende artistar.

Heimegjort er velgjort
Parallelt med LP-plata kom kassetten. For første gong fekk ein no tilgang til innspelt musikk medan ein var i rørsle gjennom ein mobil musikkavspelar. Vel så viktig var opptaksmoglegheitene dette opna for. Ein kvar kunne gjera enkle opptak til eige privat bruk. Ein kunne ta opp seg sjølve eller andre innspelingar. Samstundes vart reggaeplater gjeven ut med ei B-side som berre inneheldt playback (ikkje vokal). Desse moglegheitene til å bruke delar av forskjellige innspelingar, både andre sine og eigne, reknast som føresetnaden for hiphop og dance-/housemusikk. Utgangspunktet var såkalla samples frå andre som ein satt saman til et eige produkt og, i hiphopens tilfelle, rappa over. Til dømes inneheldt ein av dei første hiphop-låtane, «Planet rock» av Africa Bambaata, samples frå jamaicansk reggae og tyske Kraftwerk.

MTV: Første låt som vart spelt på den nye musikkanalen var “Video killed the radiostar” av The Buggles. Foto: MTV/Wikimedia commons
MTV: Første låt som vart spelt på den nye musikkanalen var “Video killed the radiostar” av The Buggles. Foto: MTV/Wikimedia commons

«Video Killed The Radiostar»
Ein ting er å høyre musikk, men korleis høyre om ny musikk når dei fleste husstandar har ein eller inga TV, og lenge før internett? Radio. I Noreg, og fleire andre land, nytta ein såkalla langbølgje for å få inn europeiske radiostasjonar som spelte musikk for ungdom. Den teknikken foreldra hadde nytta til å få inn nyhende frå London under krigen, nytta no ungdom til å høyre på siste nytt frå Radio Luxembourg og andre popkanalar. Etter kvart som fleire husstandar fekk TV og 1970 gikk over til 80-tall, vart dette «radiomonopolet» radikalt utfordra av ein TV-kanal ved namn MTV. MTV står for Music Television og vart ein kjempesuksess for TV-mediet som den viktigaste formidlaren av musikk. Sentralt stod eit nytt musikkformat: musikkvideo. No heldt det ikkje lenger for artistar å gje ut god musikk, ein måtte også ta seg bra ut på video. Om ikkje utsjåande til artistane hadde vore viktig før, så vart det det no. Det at A-ha nådde førsteplass på billboardlista med låta «Take on me» i 1985 skuldast delvis at dei hadde ein nyskapande og bra musikkvideo. For andre artistar blei musikkvideoformatet «Video Killed The Radiostar»-skjebnen.

Ein annan trend frå MTV var Unplugged-serien. Her stile kjende artistar opp og spelte låtane sine live, akustisk og utan effektar. Etter fleire år med dominans av synthesizerar og effekttungt lydbilete vart om artistane stilte opp og korleis det låt av mange rekna som ein syretest på om dei var skikkelig musikarar, eller berre one-hit-wonders, konstruert av plateselskapa.

Den stille digitale revolusjonen
Samstundes med Unplugged kom CD-en. Dette markerer kanskje den viktigaste nyvinninga sidan dei første grammofonplatene kom. No gjekk innspeling, lagring og avspeling av musikk frå å vera mekanisk til å bli digital. Lagringskapasiteten på ein Compact Disc (CD) var opphavleg rekna til å vera på ein time. Men sjefen for Sony, som var ein stor fan av Beethoven, meinte at Beethovens 9. symfoni måtte få plass på ein CD. Dermed vart standard lagringskapasitet på CD 650 megabyte eller cirka 74 minutter, nok til Beethovens 9.

JAY-Z: Mannen bak ein av dei nye strømmetjenestene Tidal. Foto: Joella Marano/Wikimedia commons
JAY-Z: Mannen bak ein av dei nye strømmetjenestene Tidal. Foto: Joella Marano/Wikimedia commons

Ein del av digitaliseringa er MP3-formatet, som gjer at lydfiler er små nok til å overføre høgkvalitetsmusikk til internett og bli lagra på ei CD-plate. iPod, YouTube, CD-ar og ikkje minst dagens strømmetenester baserer seg alle på MP3 eller andre digitaliserte format. Som lyttar har dette gjort at ein har ein overflod av musikk tilgjengeleg nærast overalt kor ein er. Ein treng ikkje lenger å kjøpe heile album, men kan vera selektiv i forhold til kva for songar ein skaffar seg. Eldre utgjevingar har vorte like lett tilgjengelig som nye. På mange måtar har dette endra maktforholdet i musikkdistribusjonen, frå produsent til konsument. Det er ikkje lenger plateselskapa som sett dagsorden, men forbrukarens behov som i stor grad er førande for når og korleis musikk blir gjeven ut. Dette opnar store moglegheiter for kulturell utforsking for forbrukarar og artistar, men fører også til utfordringar når det gjeld opphavsrett, betaling og kreditering for dei som lev av å laga musikk. Paradokset er at mange av desse artistane er eit produkt av den same utviklinga, i og med at ei rekkje sjangrar som elektronika, house, drum and bass, hiphop m.m. er utenkjelege utan digitaliseringa av musikkproduksjon, -lagring, -innspeling og avspeling. Då Jay-Z lanserte Tidal for å tilby betre kvalitet til lyttaren og betre betaling til artisten, kjem han sjølv frå ein sjanger som det er vanskeleg å sjå for seg utan ein digital musikkindustri.

Teknologien og framtida
Eit av dei mest kjende sitata frå  Marx’ teknologiske determinisme er «Håndmøllen frembringer et samfunn av føydalherrer, dampmøllen et samfunn av industrielle kapitalister». Notehefta bringa fram moderne jazz, LP-en bringa fram ungdomsopprøret, MP3-formatet bringa fram fildelinga, strømmetenestene bringar fram…