Kjønn og hår og sånt

Kjønn og hår og sånt

Noko av det eg lærte på søndagskulen då eg var liten, var at Jesus hadde langt hår. Eg veit ærleg talt ikkje heilt kvifor, men det ser iallfall slik ut på bileta. Det var jo strengt tatt ikkje vanleg for menn å ha langt hår på Jesu tid. Men Jesus var kjent for å vera radikal, så kanskje var det eit bevisst val av han. Kven veit?

Jesus er ikkje den einaste mannen som har hatt langt hår. Onkelen min har óg langt hår. Difor kalla folk i Malawi han for Jesus då han budde der. Men det er jo ikkje så viktig. I USA bur det i dag 249 502 personar som heiter Jesus, ifølge nettstedet howmanyofme.com. Eg veit ikkje kor mange av dei som har langt hår, men eg er ganske sikker på at det er ein del.

Sjølv om Jesus var radikal i sitt opprør mot dei lærde for cirka 2000 år sidan, finst det menneske i dag som eg vil kalla meir radikale. Ein langhåra mann kan vekka oppsikt, men kva med ein mann i kjole? Og kvifor er det ikkje OK at menn barberer leggane sine, medan kvinner helst skal gjera det? Kva velger så Esben Esther, som vart intervjua i forrige nummer av Samfunnsvitern, å gjera med leggane, når hen korkje identifiserer seg som heilt mann eller heilt kvinne?

Gender neutral bathroom-trykk
Gender neutral bathroom.jpg
Mangfold: Ikkje alle identifiserer seg som eitt av to kjønn. Og dei fleste av oss bryt
kjønnsnormene. Det har ført til at somme har kjønnsnøytrale toalett. Foto: Wikimedia Commons

Hårete leggar. Eg spurte eit par venner, korav alle identifiserer seg som menn, kvifor menn ikkje skal barbera leggane. Somme meinte at det eigentleg ikkje var eit problem for dei, enn om dei ikkje barberer leggane sjølv. Andre meinte at det var feminint eller ikkje mandig å barbera leggane, og difor var det ein dårlig idé. Likevel sa folk både at somme menn burde barbera leggane, eller at dei liker å ta på barberte leggar. Dessutan fekk eg tips om at det er lurt å fjerna hår om ein skal sola seg, fordi då får ein betre brunfarge. Godt å vita, sånn om underteiknande kvinne føler eit behov for gode argument mot hår i snakk med raudstrømpene.

Det var to svar eg fekk som eg likte aller best. Stian sa følgande: “Hovedsaklig gjør ikke jeg det fordi jeg ikke kan se at det har et formål… Det er dessuten mye jobb.” Bjørn sa at han ikkje barberer leggane “…fordi jeg aldri har ansett det som et problem å ha hår på leggene.” Så kva lærer eg eigentlig av dette? Vel, det er sykt nice å ta på nybarberte leggar. Og det er fint om ein skal på solseng. Norge har jo ikkje sol, sånn utanom midnattsola i nord, så det blir på solseng. Men sjølv om barbering er fint og kult og sånt så er det lite praktisk og lite feminint, og difor noko menn ikkje føler behov eller ønske om å gjera. Sjølv om menn barberer seg i “hue og rævva”, iallfall om dei skal ha noko inn der, oftare enn eg tar mine leggar.

Kvinne, sjekk. Kort hår, sjekk. Men altså, kvifor bryr folk seg så mykje om desse leggane og frisyrane? Kan ikkje folk berre få lov til å vera det kjønnet dei er? Noko av det mest fascinerande med å snakka med Esben Esther, eller med andre som bryt med samfunnets tokjønnsinndeling, er å bli klar over kor mykje folk bryr seg om kjønn. Det at Esben Esther fekk utruleg mykje merksemd ved å ta silikonpupper og bruka eitt typisk kvinne- og mannsnavn samstundes viser kor mykje kvar og ein av oss bryr oss. Sjølvsagt vil ein bruka hokjønnspronomen når ein omtaler ein person i høge hæler og skjørt. Sjølvsagt vil ein bruka hankjønnspronomen når personen har skjegg og bukser. Men når ein ikkje heilt veit kva ein skal gjera, som når personen har både skjørt og skjegg, eller personen ønsker at ein bruker ei anna gruppe pronomen enn det ein kanskje var førebudd på, då blir folk usikre.

Eg liker system. På dataen min har eg sirlig og systematisk delt inn alt og ingenting i mapper. Nei, sjølvsagt er det ikkje nok å legga jobbsøknaden min i ei mappe som heiter “Personlig”! Det skal vera under “Søknader”, som ligg under “Arbeid”, som ligg under “Personlig”. Då blir det orden. På same måte er det ikkje OK å berre kategorisera eit menneske som “person”. Det skal helst vera lagt under både “alder”, “kjønn”, “heimstad” og “seksualitet”. Då har eg orden i sakene. Så kan eg sy saman biletet av personen eg har med å gjera gjennom alle desse boksane. Og så føler eg meg klok og trygg, og alt er fint. Heilt til eg får problem med kategoriseringa.

Har kjønn ei rolle? Når du les denne teksten, tenker du då på kven det er som skriv han? Då eg skreiv at eg barberer
leggane mine, kva tenkte du då? At eg er kvinne eller mann? Har du tenkt på om eg kanskje ikkje er nokon av delane? Sjølv etter mykje erfaring med kjønnsnormativitet spør eg automatisk meg sjølv kva kjønn forfattaren av det eg les har. Det kjønnet ein identifiserer med har mykje å seia for kva erfaringar ein har, sånn objektivt sett. Ein kronikk om arbeidsmiljøet i ein IT-bedrift vil som oftast bli skrive veldig forskjellig avhengig av kjønnet til personen som skriv. IT-bedrifter er kjende for å vera mannsdominerte og litt “testosteronbomber”, så eit kvinneperspektiv på arbeidsmiljøet ville vore kult. Ikkje sant? Men personen som skriv kan óg godt ha blitt “bomba” med testosteron sjølv om det er ein mann. Det er strengt tatt ikkje alle menn som liker eit veldig maskulint arbeidsmiljø, og medan somme kvinner godt kan trivast i “testosteronbomba”.

Men er kjønn viktig? Ja, til tider. Det at eg identifiserer meg som kvinne har mykje å seia for korleis eg vel å kle og te meg, kva eg tenker er viktig og korleis omverda oppfattar meg. Abortdiskusjonen, som atter ei gong har blussa opp i Norge, viser kor engasjerte mange kvinner er i saka. Fordi sjølv om menn gir 50% av DNA-et sitt til fosteret i utvikling, er det kvinna som får
morgonkvalme, størstedelen av permisjonen og lykkehormon av å få eit barn. Likevel, det eg trur er viktigst at me hugser på i Norge, er at sjølv om me er heldige og har mykje av dei same godene så er me ikkje heilt like. Somme kvinner går i skjørt, andre går i bukser. Somme menn liker å sjå fotball, andre føretrekk Hotel Cæsar. Somme liker begge delar, og somme tykkjer at bukser, skjørt, fotball og Hotel Cæsar er dritt.

Kor klisjé det enn høyrest ut: Det er viktig at me er oss sjølv, og ikkje kjønnet vårt. Ta meg for den eg er, og la det vera det same kva som dinglar mellom beina mine. Så får Jesus ta sitt standpunkt om han vel å koma tilbake ein dag, slik det står skrive. I så fall vil teologane få det kjekt med pronomena i Bibelen!

Av Sunniva Marie Hustoft

Alle namn i denne artikkelen er anonymisert. Red. anm.