Nynorsk myteknusar

Nynorsk myteknusar

Argument mot nynorsk er ofte basert på gamle mytar og fordommar. Eg er for nynorsk, og eg er for obligatorisk sidemål. Det er på høg tid at nokre av disse mytane vert «knust». 

Tekst: Hege Reime, Foto: Solveig Bakken

For rundt ein månad sidan var eg på landsmøtet til Norsk Målungdom, der me vedtok at i løpet av det neste året skal me drive med kampanjen Nynorsk myteknusar. For det har seg slik at når nynorsk vert tatt opp til debatt, om det måtte vera på fest eller i det offentlege ordskiftet, så vert det slengt ut ein haug med argument som er basert på gamle mytar og fordommar. For å trenga gjennom disse gamle mytane og fordommane, og opne for meir nyansert informasjon om nynorsk, vil Nynorsk myteknusar ta for seg disse mytane og «knuse» dei. Eg nyttar difor høvet til å gjer det same, å setja lys på tre hyppig brukte mytar.

Myte 1: Nynorsk er eit gamalt vestlandsspråk. 

Dette er ei myte som florerer ganske fritt rundt i det offentlege rom. Til og med på vestlandet er det menneske som meiner at nynorsk er eit gamalt vestlandsspråk. Om ein har hatt tilstrekkeleg opplæring i språkhistoria til Noreg så veit ein at Ivar Aasen valte å konstruera eit nytt norsk skriftspråk som låg tettare til det varierande talemålet i Noreg. For å gjer dette føretok Aasen seg fleire reiser gjennom Noreg, òg på austlandet, og såg på kva ord som blei brukt hyppigast. Dette betyr at nynorsk er eit språk basert på talemålet i heile landet, og har ord som har forskjellig opphav. At nynorsk er brukt hyppigast på vestlandet i dag er noko anna enn at det er eit vestlandsspråk.

 

Myte 2: Eg kjem ikkje til å få bruk for nynorsk. 

Det er mykje av det me lærer på skulen som ein kan velja og unngå å bruka. Nynorsk er eit språk som vert nytta i Noreg, både på skule, arbeidsplassar, i bøker og på tv. Sjølv om nynorsk ikkje er å sjå like ofte som bokmål, så er det der, og ein vil møte det i løpet av livet. Det er kanskje ikkje så stor forskjell mellom nynorsk og bokmål at ein ikkje kan forstå det eine om ein er vandt med det andre, men det å velja vekk sidemålet er å avgrensa seg sjølv frå kunnskap og framtidige moglegheiter. Når ein skal begynne å søkja jobbar er det fleire arbeidsgjevarar som krevjar, eller ser på det som ein fordel om ein meistrar begge målformene. Å kunne uttrykka seg skriftleg både på nynorsk og bokmål vil gjer at ein kan jobba og busetja seg kvar som helst i landet, og ein er meir konkurransedyktig når ein skal søkja jobbar. Å meistra begge skriftspråka er alltid ein ressurs snarare enn ei ulempe. Difor meiner eg at å gjer sidemål valfritt på ungdomsskule og i vidaregåande skule er å ta i frå elevar moglegheita til å gjer eit informert val om si eiga framtid.

Sjølv om nynorsk ikkje er å sjå like ofte som bokmål, så er det der, og ein vil møte det i løpet av livet.

 

Myte 3: Ein burde ha valfritt sidemål, for då vert ein flinkare til å lesa og skriva hovudmålet sitt. 

Det er ingen bevis for at ein får betre karakter i hovudmålet sitt, om ein slepp å fokusera på sidemålet sitt. Janne Nygård, tidlegare nestleiar i Norges Mållåg og Vebjørn Sture, den tidlegare leiaren i Norsk Målungdom forklarar at å læra seg to språk, sjølv om dei liknar kvarandre, stimulerer heller til ei breiare språkforståing. Som nynorskbrukar har eg vore heldig, eg har blitt eksponert for sidemålet mitt heilt sidan eg var liten. Eg har lest fleire bøker på bokmål enn på nynorsk, kvar dag les eg nyheiter på bokmål og dei fleste brev eg får i posten er på bokmål. Folk som har nynorsk som sidemål har ikkje denne fordela, og desto viktigare er det ein får tilstrekkeleg opplæring i skulen.

 

Ein ressurs i framtida

Problemet med nynorsk som sidemål ligg ikkje i at ein ikkje får fokusert nok på hovudmålet sitt, men at det er eit fåtal av lærarar i norsk skule som har tilstrekkeleg nynorskkunnskap til å læra det vekk til elevane sine. I tillegg møter bokmålselevar for lite nynorsk i kvardagen, og eg forstår godt at nynorsk difor kan vera frustrerande. Men i staden for fokusera på å fjerne nynorsken, burde ein fokusera på å styrka den. Å velja vekk nynorsken er å velja vekk kunnskap og ein ressurs som kan koma til gode i framtida.