Du er

Du er ein og 
du er to, 
du er her 
og du er no. 

Du er oske 
du er eld, 
bjarte morgon 
døkke kveld. 

Du er kvinne 
du er mann, 
eit hjarte av is 
som står i brann. 

Du er død 
du er liv, 
ein glødestråle 
i mørkeret sviv. 

Du er ein og 
du er to, 
du er her 
og du er no. 

Bookmark the permalink.