Er mannssamfunnets språk frå 60-talet framleis i bruk i vårt likestilte samfunn?

Tekst: Rolv Mikkel Blakar, Professor Emeritus ved Psykologisk Institutt

For ein aldrande emeritus er det ei overraskande glede å verte invitert av redaktøren for eit studentblad til å skrive litt om forskinga si. Det gjer det ekstra relevant for meg at temaet for dette nummeret av Samfunnsviter’n er sanning, eit tema som i dag står sentralt både i vitskap og i samfunnsdebatt. I dette vesle innlegget vil eg med utgangspunkt i ein liten bit av forskinga mi pirke i to etablerte sanningar eller myter. Den første er at eldre (samfunnsvitskapeleg) forsking – t.d. frå 60- og 70-talet – ikkje berre er forelda, men utdatert og utan relevans for å forstå samtida vår. Kor ofte finn du i dagens publikasjonar referansar til litteratur frå 60/70- talet, ei produktiv brytingstid i samfunnsvitskap både i Norge og internasjonalt. Sjeldan. Den andre sanninga er at Norge er eit samfunn prega av likestilling. Det er lett å finne «bevis» for dette. I perioda 2018-21 satt det t.d. kvinner i alle dei tre mektigaste posisjonane i det norske samfunnet: Stortingspresident, høgsterettsjustitiarius og statsminister. Legg til at så tidleg som i 1986 gjekk fotografiet av Gro Harlem Brundtlands «kvinneregjering» sin sigersgang over verda. Derfor kan ingen vere i tvil om at i Norge rår likestilling.

Det teoretiske utgangspunktet mitt er at det er gjennom språket vi grip og forstår oss sjølve og konstituerer vår eigen identitet; det er gjennom språket vi grip og forstår og delvis skaper omverda og dei sosiale realitetane (jfr. Blakar, Språk er makt, 1973/2006). Det prosjektet eg skal drøfte for å modifisere desse to sanningane vart gjennomført i perioden 1968-70 og publisert i Syn og Segn i 1971. Tittelen på den artikkelen var ikkje utan brodd: «Kan mannssamfunnet sprengast utan språkrevolusjon?»

Fordi eg skriv i ei studentavis, kan det vere relevant å seie litt om arbeidsforma. På denne tida var eg vidarekomen student og vitskapeleg assistent i psykologi. Kvart semester hadde eg ansvar for eit seminar innafor mitt spesialområde, språkpsykologi, for grunnfagsstudentar. Desse seminara bygde vi på empiriske demonstrasjonar og øvingar. Eg var opptatt av korleis samspelet mellom språk og samfunn forma språkbruken vår og utvikla ei testbar hypotese om at når kvinner og menn har ulike perspektiv, ville det som oftast vere mannens perspektiv som slår gjennom og gjennomsyrer språket – det språket som altså både kvinner og menn forstår seg sjølve gjennom. Gjennom 6-7 semester samla grunnfagsstudentane på språkpsykologikurset døme frå dagleglivsspråk, frå mediespråk, osv. på at det var mannens perspektiv som fekk gjennomslag. Men studentane hadde instruks om sjå like mykje etter døme på at kvinnas perspektiv hadde gjennomslag.

Dette prosjektet vart altså gjennomført for meir enn 50 år sidan, og skal i følgje sanning nr. 1 over representere kunnskap som er utdatert når det gjeld å forstå dagens samfunn. Men som eg argumenterte i ein artikkel nyleg (Blakar, 2021), så fortel det mykje om utvikling eller mangel på utvikling mot likestilling gjennom desse femti åra at mange av dei illustrerande døma frå 1971-artikkelen framleis er gyldige. Sjølvsagt er enkelte av dei illustrerande døma i den gamle artikkelen forelda, som t.d. uttrykket «konebil». Men framleis kan vi lese og høyre om «kvinneleg ditt» og «kvinneleg datt», som «kvinneleg formann» og «kvinneleg brannmann» og andre typar «kvinneleg …mann». Ikkje slik for «mannleg ditt» og «mannleg datt». Trass i alle markerte endringar i retning meir likestilling, tyder det på at språket vi grip samfunnet og kjønnsrollene gjennom, framleis i stor utstrekning er mannssamfunnets språk. Derfor var ordet «yrkeskvinne» med oss inn i vårt nye år tusen, medan «yrkesmann» sjølvsagt framleis er eit ubrukeleg ord.

I drøftinga over av om dette prosjektet frå slutten av 60-talet representerer utdatert kunnskap, var det ikkje til å unngå at det samtidig vart gjeve språklege døme på at likestillinga ikkje er kome så langt som mange likar å tru. Gjennom utdrag frå 1971-artikkelen skal eg i resten av denne artikkelen presentere illustrerande døme på kva vi fann om mannssamfunnets språkbruk den gongen. Og så skal du som lesar kritisk vurdere om det er noko av mannssamfunnets språkbruk frå den tida som framleis er i bruk i vårt «likestilte samfunn».

«Hadde vi hatt full likestilling, og språket hadde avspegla den, skulle dei to orda «mann» og «kvinne» vore like med omsyn til alle andre aspekt (status osv.) enn kjønn, der dei representerer kontrastar. Men det er lett å vise at dei er ulike med omsyn til ei rekke andre aspekt. «Mann» impliserer t.d. langt høgare status enn «kvinne». Ei rekke «høgstatus-roller» vert kalla «-mann» sjølv om dei ikkje prinsipielt er bundne til hankjønn. «Formann», «fylkesmann» og «statstenestemann» illustrerer dette. Tar vi eit område som idretten, finn vi «målmann» og «ankermann» også i kvinneidrett. Og er det kanskje tilfeldig at jamvel på fødeklinikk ligg kvinnene på «firemannsrom»? Når mange kvinner og menn er samla for å gjere noko, så er dei naturlegvis «mannsterke» –  «kvinnesterke» er dei ikkje eingong i eit reint kvinnelag. Og sjølv kvinnene «mannar» seg opp. Ved overført eller biletleg språkbruk kjem det kanskje enda tydelegare fram korleis dei to orda er ulike med omsyn til emosjonalitet (positiv-negativ), status (høg-låg), og så videre. Ta berre dei to uttrykka «I farens stund viste han/ho seg som eit mannfolk», «I farens stund viste han/ho seg som eit kvinnfolk».»

Husk at dette er utdrag frå ein artikkel skrive i 1971 basert på språkanalyser utført på slutten av 60-talet. Eit av eksempla som vert halde fram, er nyleg avvikla gjennom vedtak: Frå 1. januar 2021 fekk fylkesmannen nytt og kjønnsnøytralt namn – statsforvaltar. Det er berre å håpe at det går bra. Språkets konserverande evne er sterk. Da «stortingsmann» og «stortingskvinne» på slutten av 60-talet skulle erstattast av det kjønnsnøytrale «stortingsrepresentant», hadde dette ein sterk tendens til å fungere tilslørande fordi det da var mange fleire menn enn kvinner på tinget, men det kjønnsnøytrale «-representant» hadde ein tendens til å tilsløre dette. Eit utdrag frå ein reportasje i Dagbladet (3.10.70) illustrerer betre enn mange ord resultatet av denne tilsløringsmekanismen: «I går var Stortinget samlet for første gang etter ferien. Representantene, ja, til og med noen av deres fruer møttes i korridorene …». Tenk det, «representantane» hadde fått fruer!

For dei som måtte vere interesserte i ei grundigare framstilling av desse analysane av språk og likestilling med vekt på utviklinga fram til i dag, viser eg til artikkelen: Blakar (2021). «Endringar i kjønnsrollene gjennom 50 år slik dei er avspegla i språket.» Her er link til artikkelen i Syn og Segn (publisert 22.12.2021):

Heilt avslutningsvis må det understrekast at språket er eit sentralt element – konserverande eller som pådrivar i nær sagt alle typar samfunnsendringar. Med moderne datateknologi (Retriever), som vi ikkje disponerte da analysane omtala i denne artikkelen vart gjennomførte, har vi innafor paraplyprosjektet «The Oslo Ideology Project» analysert ei rekke samfunnsendringar gjennom dei siste tiåra. For dei som er eller vil kunne verte interesserte i språket som innfallsvinkel for å analysere og forstå endringar i samfunnet, kan det nemnast at vi t.d. har synleggjort korleis neoliberalismen har vokse fram og påvirkar det norske samfunnet. Ei oversikt over «The Oslo Ideology Project» finn du i Nafstad & Blakar (2012). Ideology and social psychology. Social and personality psychology compass, 6, 282-294. Her vil interesserte finne referansar til mange aktuelle artiklar.

Bookmark the permalink.