Ti år etter iPad vart lansert held debatten fram om kva følgjer det har for læring og utvikling å nytte nettbrettet i skulen. Fortvilte foreldre og perplekse pedagogar etterlyser overtydande argument, meir forsking og gode undervisingsmetodar. Dette ville eg forsøke å gjere noko med, og skreiv difor masteravhandling om korleis lærarar nyttar iPad i musikkundervising.
Tekst: Yngve Farestveit Erstad, Historie
Illustrasjon: Asbjørn Oddane Gundersen
På 1920-talet utvikla Satis Coleman eigne undervisingsmetodar for musikk, der grunnlaget for å lage musikk var elevens indre lyst og inspirasjon, gjerne driven fram av turar i skogen eller til naturhistorisk museum. Instrumenta skulle borna helst lage sjølve, ved å slå, blåse og klimpre på alt som kunne tenkast å lage lyd, mellom anna kokosnøtter, konkyliar og ein kaktus. Coleman hadde tre generelle krav til instrumenta: dei skulle vere enkle å spele på, utvikle elevane sin musikalitet, og få elevane til å verdsetje andre former for musikk. Kan det tenkast at appar til iPad oppfyller desse krava?
Kva seier lærarane?
Målet mitt var å undersøkje kva måtar ein kan gjere seg nytte av ein iPad på i eit musikk-klasserom, og eg var særleg interessert i korleis undervising med iPad kan leggje til rette for at elevane får vere kreative og uttrykkje seg fritt, og finne eller skape meining i det dei gjer i musikktimen. Eg intervjua difor fire engasjerte lærarar frå ulike delar av musikkundervisingsmiljøet, og spurde dei om kva rolle iPad speler i arbeidet dei gjer. Vi har Åsmund som er slagverksinstruktør i kulturskulen og på høgskulenivå, Dagny som underviser barnehagelærar-studentar, Øystein som reiser rundt med arbeidsstove for born etter skuletid, og Christian som er musikklærar i grunnskulen. Resultata synte både likskapar og skilnader i korleis dei oppfattar og gjer seg nytte av teknologien.
Åsmund meiner ein ikkje må vere redd for å ta i bruk ny teknologi; at ein som lærar bør ha eit kontinuerlig engasjement for teknologi, og nytte han til det han er god på. Noko han legg særleg vekt på er at ein ikkje må fokusere på kva teknologien gjer enkeltindividet i stand til, men korleis vi kan nytte han til å knytte oss saman og lære i fellesskap. Dette eksemplifiserte han med at om ein ville det, kunne ein få elevar til å lese opp engelske verb i eit klasserom i Noreg, og la det dukke opp som lyd i eit klasserom i Uganda. Vidare sa han: «Det er ikke noe ved teknologien som hindrer oss i å gjøre det, det er bare at fantasien vår er alt for begrensa, og vi klarer ikke å utnytte teknologien.»
Før intervjuet med Øystein var eg med på ei arbeidsstove han leia for born i alderen 6-12. Først ved demonstrasjon, så ved utprøving og leiking, og til sist med konsert fekk borna gjere seg klanglege og visuelle erfaringar med appar og perkusjon. Leik og samspel var sentrale element, det fantes berre positive tilbakemeldingar, og få rammer for sluttproduktet. Med Øystein sine ord: «Alt er lov, alt er gøy, her er ingen grenser, flott, klapp, bukk, så bra, kjør på, konsert.» Det meste som lagar lyd er musikk for Øystein, og målet hans med arbeidsstovene er å formidle at å lage musikk er både enkelt og moro, og at alle kan vere med. Grunnen til at han valde å nytte iPad-appar er nettopp at dei er enkle å spele på, og samstundes gjev god lyd.
«Det er ikke noe ved teknologien som hindrer oss i å gjøre det, det er bare at fantasien vår er alt for begrensa, og vi klarer ikke å utnytte teknologien.»
Ikkje alle appar har like god lyd, og om dei sa Christian: «Det vil vi ikke bruke, det blir jo antimusikalsk læring. Lukk øra.» I musikktimane hans er iPad berre eitt av mange musikkinstrument, og han blir glad når elevane oppfattar det på same måten. Det er likevel eit musikkinstrument som opnar opp for nye løysingar, og Christian nyttar iPad mellom anna til: å sample instrument som ikkje så lett lar seg flytte på, og ta med seg lyden kvar som helst; øvingskamerat på gitar, der ein kan justere både tempo og stilart som det høver ein; og tilpassa opplæring, der dei som ikkje greier å spele på ein vanleg gitar får spele på ein gitar-app, og blir med i samspelet på lik linje med dei andre i klassen. Han understreka samstundes at klasseromsleiing er alfa og omega, der ein seier tydeleg frå til elevane kva appar og ressursar dei skal nytte nett no, og at dei lukkar att lokket når læraren snakkar.
Kontakten med læraren er minst like viktig for Dagny, som påpeika enkelte farar ved å ta med seg iPad inn i barnehagen. Han kan til dømes bli oppfatta som ei kjelde til musikk i seg sjølv, uavhengig av – og i ytste konsekvens i staden for – læraren, og den flate, glatte skjermen gjev ikkje borna særleg stor grad av kroppslege erfaringar med musikk, slik ein kan få med trommer eller strengeinstrument. iPad bør kunne tilføre musikken noko nytt, noko som ikkje andre instrument kan tilby, meiner Dagny. Ho nyttar gjerne appar på iPad i samspel med andre lydkjelder, som papir, vatn og metall, der musikken både kan ha ein rytmisk struktur, eller flyte meir fritt som lydlandskap. Musikkerfaringa og den sanselege opplevinga står sentralt, og det er nesten ein verdi i seg sjølv å ikkje gjere opptak: «Kan ikke musikken bare få liksom sukke og sveve for seg sjøl, og være borte i neste øyeblikk?»
Kva for moglegheiter finst?
Vi har no sett nokre av måtane iPad kan nyttast på i samband med musikkundervising, men finst det fleire? På den eine sida kan vi påstå at det berre er fantasien som set grenser for kva som er mogleg, men på den andre sida er handlingsrommet vårt avgrensa til kva som er hensiktsmessig å foreta seg for å lære bort ulike aspekt ved musikk. Eg landa til slutt på ni ulike bruksområde: 1) Musikkinstrument, 2) nettbaserte ressursar, 3) rammer for aktivitetar, 4) koplingar mellom musikkoppleving og teori, 5) lydopptak og sampling, 6) lagring og redigering av musikk, 7) avspeling av musikk, 8) akkompagnement, og 9) løysingar for tilpassa opplæring.
Det finst heilt sikkert fleire punkt som kunne vore med, men eg trur dette er ein god stad å starte for å pønske ut nye metodar. Det at alle desse funksjonane finst på éi og same maskin, gjer samstundes nettbrettet til eit svært fleksibelt verkty i skulekvardagen. Moglegheitene vi har tilgjengeleg knyter seg gjerne til dei konkrete eigenskapane ved nettbrett-plattforma, og det vi er ute etter her er det som kan tilby musikkfaget noko det ikkje har frå før. To eigenskapar med det potensialet er dei visuelle uttrykka og mobilitet.
Det visuelle kan potensielt bli ein del av musikkopplevinga, og opne opp for at elevane ser samanhengen mellom lyden dei høyrer og biletet dei ser. Læraren kan òg kople til ein prosjektør og la fleire spele på same iPad, slik at alle kan både sjå og høyre kvar dei er i musikken. Dette kan ein til dømes gjere i appen Bloom der lydane blir synt som ringar i vatn, og dukkar opp att i små ekko-syklusar som blir gradvis svakare. Det visuelle kan vidare fungere som utgangspunkt for å snakke om musikken. I Bloom blir lyden lysare dess høgare på skjermen ein trykker og mørkare lenger nede, noko som lett kan starte diskusjonar om tonehøgd og om store og små intervall.
Ein iPad er relativt lett å ta med seg, så læraren er ikkje lenger like bunden til musikkrommet, der alle dei tradisjonelle instrumenta held til. Ein kan til dømes gå på lydjakt og leite etter bestemte typar klangar, eller ein kan gå til stadar med spesiell akustikk og ta opp si eiga stemme eller halde konsert. Om ein har lasta opp musikkoppgåver til internett som elevane skal arbeide med, og det er strålande sol ute, kan dei ta på seg øyreklokker og løyse oppgåvene på plenen i skulegarden. «Er ikke det fantastisk å gå ut i skogen og så ha hvilket som helst fag med tilgang til hele verden?» fekk eg høyre av Åsmund, som gjorde meg merksam på at ein kan få iPad med SIM-kort, og dimed tilgang til mobilnettverk og data-overføring. Moglegheitene er mange.
Treng vi all denne teknologien?
Om vi går attende til Coleman: oppfyller appane til iPad dei tre krava ho hadde til musikkinstrument som kan nyttast til kreativ utfalding? Det er bekrefta av alle lærarane eg intervjua at det første kravet – instrumentet skal vere lett å spele på – er innfridd. Ein får lyd ved sjølv lette berøringar, og kvaliteten på lyden ligg førehandsprogramert (berre styrt av kvar og kor hardt ein trykker på skjermen). Om vi i tillegg tek med lydjakt og sampling kan vi òg til ein viss grad lage våre eigne instrument. Det er likevel eit viktig element ved musisering iPad aldri kan tilby oss: Kjensla av å setje i gang vibrasjonar, og fysisk forme lyden. Vi kan få så mange virtuelle lydbølgjer, stolpar og ringar vi berre vil, men det kan ikkje erstatte den taktile kjensla av lyd-skapande rørsler i ein streng, ei sag eller ein sykkel.
Dei to andre krava – at dei skal utvikle elevane sin musikalitet og evner til å uttrykkje seg musikalsk, og gjere ho/han open for nye typar musikk – er i større grad opne for diskusjon. Her er det ikkje berre appane som avgjer, men korleis læraren nyttar seg av dei, om desse krava blir oppfylte. Appen set rammer for kva lydar ein kan lage, korleis dei er organiserte og korleis dei ser ut på skjermen, og han kan potensielt gjere det enkelt å få meir direkte erfaringar med lydproduksjon, men det er opp til læraren å setje dette inn i ein kontekst. Lærarane eg snakka med var einige i at det sentrale ikkje er det som skjer på skjermen, men det som skjer i rommet, mellom elev og elev, og mellom lærar og elevar. Det er læraren si oppgåve å legge til rette for at eleven kan finne si eiga meining med musikken, øve seg i musikalske ferdigheiter, eller oppdage koplingar til verda utanfor klasserommet. Det kjem kanskje aldri til å finnast teknologi som kan fylle den rolla.
Moglegheitene vi har tilgjengeleg knyter seg gjerne til dei konkrete eigenskapane ved nettbrett-plattforma, og det vi er ute etter her er det som kan tilby musikkfaget noko det ikkje har frå før
Om ein vel å investere i ny teknologi til bruk i skulen, får ein ofte ei rekke utfordringar med på kjøpet. Éi av desse er det etiske spørsmålet om ein ynskjer å gi pengar til firmaet som produserer teknologien, når denne produksjonen ikkje sjeldan inneber både farleg, stressande og underbetalt arbeid. Ein annan ting er at det finst forsking som syner negative konsekvensar for born ved bruk av mobil teknologi, då særleg i samband med konsentrasjon, språk og empati. Om tida ved skjermen går på kostnad av tida med andre menneske, antyder forskinga at det er fare for at utviklinga av desse tre evnene kan hamne på etterskot. I tillegg kjem alt det praktiske ein ikkje tenker på før ein står midt i det, som å sørge for at nettbretta har tilstrekkeleg batteritid når dei skal nyttast, og gjennomføre oppdateringar av programvare. Mykje arbeid står framleis att for å kartleggje korleis ein bør gå fram om ein tek iPad og annan teknologi i bruk i skulen, men det kan vere lurt å oppdatere seg på kva som allereie er gjort, og vere på utkikk etter nye funn.
Sjølv om arbeidet mitt får fram nokre av måtane ein kan nytte seg av iPad på i klasserommet, er ikkje dette noko alle lærararar naudsynsvis har behov for å gjere. Ein bør alltid vere kritisk til teknologien, nytte han til det han er god til, og ha ein målretta plan når ein tek han i bruk i stor skala. Det er ikkje sikkert alle meiner Coleman sine tre krav er ein relevant standard for verdiar vi ynskjer å kultivere i musikkundervisinga vår, men eg meiner dei får fram nokre sentrale sider ved musisering og musikk-læring, og syner oss samstundes at det i ei tid med hurtig teknologisk utvikling framleis finst noko tidlaust å støtte seg til. Noko som er sikkert er at det i framtida kjem til å dukke opp ny teknologi som vil gjere seg meir relevant og anvendeleg, både i skulen og i samfunnet som heilskap. Teknologi blir i desse dagar òg laga for å “snakke” med annan teknologi, og blir på den måten del av eit stadig større nettverk av ulike teknologiske hjelpemiddel. Tida vil syne kva vi gjer med teknologien, og kva han gjer med oss.
I denne artikkelen er intervjuobjektene anonymiserte av hensyn til personvern.