Pressa er ein veletablert innstitusjon i det norske samfunnet og er ein viktig del av det demokratiske styresettet. Dagens mediedebatt dreiar seg i stor grad om pressa si framtid og verke. Ny teknologi fører til ein ny kvardag i avisbransjen. Rapporten ”Journalistikk og demokrati: Hvor går mediene? Hva kan gjøres?”, som vart lagt fram under nordiske mediedagar i Bergen, illustrerer dette. Formålet var å setje lys på korleis strukturelle endringar reduserer det journalistiske feltet i dagens presse. Frykta ligg i at ein slik reduksjon vil føre til at borgarar ikkje lenger vil ha nok informasjon til å ta velovervegde og opplyste val i samfunnsrelaterte spørsmål. Media vil slik ikkje lenger oppfylle si demokratiske oppgåve. Bakgrunnen for desse bekymringane er fleire, men dei fleste kan førast attende til digitaliseringa ein no ser i norske aviser og konsekvensane det har ført med seg. Pressa som medie står i ein spesiell overgangsfase. Internett som medieplattform kan ikkje lenger oversjåast, og dei fleste avisene er allereie veletablerte brukarar.
Pressa og den norske stat
Norge har alltid hatt tradisjonar med høg grad av offentleg innverknad gjennom at staten har sett som sitt ansvar å syte for folkeopplysing, mangfald og ytringsfridom. TV og radio har, gjennom NRK, sidan byrjinga vore nært knytt til staten og offentlege interesser; avisene har i stor grad vore sjølvregulerte, men også dei mottek indirekte og direkte støtte gjennom momsfritak og produksjonsstøtte; den norske kinomodellen var lenge kjenneteikna av kommunalt styre og bøker har framleis innkjøpsordninga. Alt i alt eit mediesystem sterkt prega av politiske rammevilkår og offentlege interesser.
Offentleg innverknad kjem gjerne anten som resultat av samfunnsmessige, teknologiske eller økonomiske forandringar. Døme på dette er produksjonsstøtta avisene fekk etter innføringa av fjernsynet i Norge; konkurransen i nyhendemarknaden gjorde at staten greip inn for å verne om mangfaldet. Eventuelt kjem mediepolitikken preventivt for å unngå uønska situasjonar, som var saka med konsesjonsavtalen TV2 inngjekk for å starte sendingane sine i 1992. Ein uønska situasjon vil vere at pressa ikkje klarar å oppretthalde si tradisjonelle rolle som samfunnet si vaktbikkje og den fjerde statsmakt. Denne rolla, og retten til å utøve den, er i Norge nedfelt i Grunnlova §100. Sidan paragrafen vart oppretta har pressa teke det på si kappe å kjempe for ytringsfridommen gjennom å kritisere, diskutere og opplyse samfunnsdebatten. Mangfald og pluralisme er idealet – kvalitetsjournalistikk og økonomiske mogelegheiter er verktøya – eit demokratisk samfunn er resultatet. Dette dannar bakteppet for pressa si rolle i det norske samfunnet og også debatten som går føre seg. Kva vert staten si rolle i utfordringane pressa i dag møter?
Papiravisa i møte med digitalisering og klikkbasert journalistikk
Papiravisa – det tradisjonelle nyhendemediet – står i desse dagar i faresona. Om papiravisa har verdi i seg sjølv kan diskuterast, men at dei fleste no forheld seg til avisa på ein annan måte enn for berre få år sidan er ikkje til å skyve under ein stol. Dette speglar også måten me konsumerer innhaldet på. Avisa er ikkje lenger ei pakke, men heller mange deler me vel og vrakar frå. Gjennom klikking frå sak til sak navigerer me oss gjennom nyhendebilete; selektivt og ofte overfladisk. Får ein det same mangfaldet av informasjon som ein elles ville fått med papiravisa i fanget? Skal ein tru dei mest kritiske røystene er dette slutten på journalistikken. Ser ein litt meir konstruktivt på det er det kanskje ikkje fullt så dystert, men utfordringane vil likevel vere der. Å kjempe imot den digitale utviklinga utset problemet, men løyser det ikkje. Det ein treng er ei god overgangsordning, som sikrar mediemangfald, opprettheld journalistisk kvalitet og pressa si demokratiske rolle, samstundes som det ikkje øydelegg deira økonomiske grunnlag.
Den stadig eskalerande digitaliseringa av media set spørsmålsteikn ved kvalitetsjournalistikken. Rapporten frå Fritt Ord påpeikar at fleire samfunnsområde ikkje vert dekka, eine og aleine fordi det ikkje sel godt nok. Kva effekt har det på nyhendesakene at dekninga i aukande grad vert klikkbasert og underhaldingsorientert? Kva rolle spelar det for samfunnsdebatten og den offentlege diskusjonen at Skal Vi Danse-vinnaren dansa truselaus? Eller er det nettopp det det har komme til? Er det norske folket generelt sett meir opptekne av å verte underhaldt enn å lese seg opp på dei meir djuptgåande analysane av rikets tilstand? Om underhaldningsverdi skal styre kva som vert skrive om, korleis skal då pressa oppfylle si rolle som vaktbikkje og den fjerde statsmakt?
Eit anna aspekt ved dette er problematikken knytt til at stadig fleire regionsaviser legg ned lokalkontor, noko som går på kostnad av dekninga og aktualiteten for deler av folket. Er dette og den klikkbaserte og underhaldingsorienterte journalistikken symptom på at kvalitetsjournalistikken sakte, men sikkert døyr ut?
Finansiering og det digitale
Ei av årsakene til klikkjakta, er finansieringsproblema aviser i dag møter.
Tradisjonelt har hovudinntektene vore abonnement og laussal, men når papiravisa si rolle vert svekka, svekkast òg inntektsgrunnlaget. Dei aller fleste aviser er i dag tilgjengelege i gratisform på nett. Det vert arbeida med ulike betalingsordningar, men her jobbar avisene kontinuerlig mot eit problem. NRK, som lisensfinansiert statleg organ, produserer også nyhende på nett, og distribuerer desse på likt nivå som dei andre nyhendeorgana. TV2, som òg har nyhende på nett, men som har sikre inntektskjelder gjennom TV-tilboda sine, vert slik også ein konkurrent. Korleis skal avisene konkurrere med desse? Kva er staten si rolle? Kan ein forvente at NRK skal avgrense sine nettenester for å lage rom for frie institusjonar, som dei gjorde ved å trekke seg ut frå dit.no, eller må ein komme opp med andre løysingar?
Media og stat har lange tradisjonar med nært samarbeid i Norge. Frå dette vil det vere logisk om staten også i desse omstillingstider inntek ei aktiv rolle. Regjeringa opnar for å innføre ei plattformnøytral produksjonsstøtte og likestille papiraviser og e-aviser gjennom etableringa av ei felles, låg momssats. Forhåpentlegvis vil dette vere nok til å sikre pressa si samfunnsrolle framover. Både økonomisk, men òg med tanke på kvaliteten i journalistikken.