
Ta debatten: SV-fakultetet er både kjelde til ny kunnskap og evigvarande pinsle. Korleis kan UiO betre undervisningssituasjonen og trekke nye, smarte hovud inn gjennom dørene på Eilert Sundt? Foto: Peirik/Flickr Creative Commons
Etter elleve år i norsk offentleg skule fant eg ut at nok var nok, og eg faug til USA. Eg var så heldig at eg blei tilbydt ein plass på ein av verdens beste vidaregåande skular, United World College USA. Dette er ein skule kor ungdomar frå heile verda vert samla for å studere ilag, utveksle kulturerfaringar og lære mykje nytt om både seg sjølv og andre. For å vere ærleg så reiste eg heimanfrå i ein alder av 16 fordi eg var lei av Norge. Ikkje fordi landet vårt er keisamt og fullt av konservative bønder – enn om det er ein god del av dei på Jæren kor eg er ifrå – men fordi eg sakna eit engasjerande studiemiljø og fagtradisjonar her heime. Og så skal det jo seiast at USA er litt kult, då, med sine store burgere og endå galnare redneck-bønder.
Men no er eg heime i Norge. Landet vårt er flott, det er her familie og venner flest befinn seg, og me har eit gratis universitetssystem med fleire høgtranka institusjonar. Likevel er det noko som manglar. For eg har ikkje blitt særleg mykje smartare dei siste par månadane her på UiO, trass eit semester på det 69. beste universitetet i verda – iallfall ifølge Shanghai-rankinga.
UiO er på topp 100 på fleire internasjonalt anerkjende rankingar. I tillegg til å danke alle andre norske utdanningsinstitusjonar ut med over 37000 søknader i 2013 er UiO òg best rangert på dei internasjonale listene blant sine norske konkurrentar. Shanghai-rankinga, som kanskje er den best anerkjente av dei, gir UiO 69. plass på verdsbasis i 2013, medan QS-rankinga gir UiO ein 89. plass. Desse listene er basert på smarte formlar laga av endå smartare folk kor faktorar som Nobelprisvinnarar, siteringar og journalpubliseringar er sentrale. Og sidan det har seg slik at UiO per 2013 stadig berre har seks Nobelvinnarar, medan Columbia University i New York har 100 trass like stort elevtal som UiO, siktar vår institusjon seg enno langt ifrå toppen av desse rankingane, sjølv innetter i Norden.
Nå skal det jo seiast at mengde Nobelprisvinnarar ikkje åleine kan definere kor bra eit universitet er. Men eg er skuffa. Fordi sjølv om UiO skal vere verdsleiande innan fysikkundervisning, så sit eg her på SV-fakultetet så forlata som ein sau i høgfjellet når oktober går mot ein bikkjekald og mørk vinter. Ettersom eg har brukt dei siste to åra på å bu i utlandet heller enn å gå på utdanningsmesser i Norge fekk eg aldri moglegheita til å spørje UiO om kva dei kunne tilby meg. Eg kunne berre sjå på rankingane frå Shanghai og QS, leite etter artiklar frå professorar og spørje rundt. Og ein ville jo tru at Norge, som verdas rikaste land, vil ha vel så bra utdanning som den ein finn på eit middels universitet i England eller eit topp 200-college i USA?
På ei god veke har eg 10 timar undervisning. Då er ingen førelesningar flytta eller avlyst, og eg vel å gå på dei seks av timane som ikkje er obligatoriske. Mi veninne Maria på Smith College, eit delvis anerkjent college (kanskje på linje med Campus Kristiania i Norge), har derimot 26 timar undervisning i veka – kor alt er obligatorisk. Og det er her hovudproblemet til norske institusjonar som UiO kjem inn: det er for lite og for dårleg undervisning.
Undervisninga på UiO må ha meir fokus på å utvikle akademikarar, og ikkje berre vere ein plass kor litt for sjølvhøgtidlege professorar skal kunne snakke høgt og lenge om ting berre dei kan. Det bryr meg særs lite kor mange internasjonale samarbeidsorganisasjonar ein professor kan snakke om når eg må lære meg å bruke modellar for å vise korleis globalisering har påverka landet vårt. Dessutan har eg behov for å vite korleis ein best mogleg kan samanlikne to politiske system, ikkje kven professoren skreiv artikkel ilag med i fjor. I tillegg til å kunne lære om og aktivt bruke relevante teknikkar, modeller og skular må me studentar lære korleis me best mogleg kan formidle dette. Då hjelp det ikkje å skrive ei eller to oppgåver i løpet av semesteret, og berre måtte levere inn eitt utkast medan ein kryssar fingra for “godkjent”. Nei, då må ein fokusere jamleg på akademisk skriving, munnleg formidling, kjeldekritikk og debattering av dagsaktuelle tema innanfor emnet.
Den største utingen eg har funne på UiO går derimot lengre enn den utruleg mangelfulle og tidsgrensa undervisninga. I eit akademisk miljø tufta på ny kunnskap og nye impulsar ser eg med skrekk på dei av professorane som resirkulerer gammal kunnskap gjennom pensumbok etter pensumbok skreve av same personen (/-ane) kor same tematikk blir tatt opp. Det at fire av dei fem pensumbøkene til statsvitskapsfaget STV1200 har ein forfattar som har skrive minst éi anna bok til lista er trist og unaudsynt. Nyskrivne bøker er trass alt ikkje til for at professorar skal kunne setje dei på pensumlista for å sikre litt ekstra feriepengar til året etter. Dessutan bør pensumlister vise til eit vidt akademisk bilete kor så mange stemmer som mogleg blir høyrt. Å berre ha nokre få kvite, mannlege austlendingar til å fremje sine syn for fleire tusen studentar kvart semester på landets leiande utdanningsinstitusjon er både horribelt og uprofesjonelt. Korleis skal då dei kritiske spørsmåla få rom? Kven skal då opne for nye initiativ og tankesett?
Er eg for kritisk? Er eg berre for vant med eit høgt studiepress og analysering av historiekjelder til minste komma? Har eg lært for mykje av å bu i USA? Svara til desse spørsmåla er openbart “nei”, men eg er redd mange vil ta meg til motmæle. For meg er det ikkje godt nok at me ligg relativt høgt på internasjonale rankingar. Eg vil kjenne at den institusjonen eg valte, Universitetet i Oslo, er meir verdt mi tid og mine evner enn dei institusjonane eg forlata i utlandet. Eg vil kunne stole på at eg ikkje får eit slag i andletet når eg tar fatt på masterstudia om eit par år, i motsetnad til det mange av mine venner på MA-nivå har fått oppleve i overgongen til eit dramatisk meir krevjande studium. Og eg vil kunne oppleve at det eg lærer på UiO dei neste åra ikkje berre er viktige om eg ender opp på Norsk Utanrikspolitisk Institutt ein dag.
Ja, me skal utdanne akademikarar. Men me skal òg utvikle menneske som personar, leiarar og elevar. Me skal la dei 25% eller så av masterstudentane få bli professorar om dei plent vil. Men eg skal iallfall ikkje sitje i kjellaren på biblioteket om 20 år og leite etter kommafeil, fordi eg veit at eg ikkje er laga for det. Eg skal lære viktige reiskap til jobben min som lærar eller rådgjevar i eit departement. Martin skal etablere eit stort internasjonalt nettverk han kan bruke den dagen han jobbar i FN som finansrådgjevar. Og Sara skal lære korleis ho revolusjonerar forskinga på nyimperialisme i Latin-Amerika. Alt dette må Martin, Sara og eg lære oss på same institusjon, men kanskje gjennom ulike fag. Likevel er det viktig at alle desse naudsynte elementa som undervisning, rådgjeving og forsking blir tatt opp og utvikla i dei fantastiske studentane UiO har i dag – slik at me kan dytte sjølv den djupaste av Blinderns kjellarar framover.
Eg tør påstå at ikkje alt eg presenterer i dag blir forstått eller eingong er sant. Det er mykje bra med høgare utdanning i Norge. Det er gratis – kor fantastisk er ikkje dét? Dessutan har me somme flotte forskingsmiljø og energiske professorar. Men eg angrar enno litt på at eg kom heim. For internasjonal økonomi er ikkje like spanande når du ikkje får diskutere det i undervisningstimane ettersom det er altfor mange studentar i auditoriet. Og oppgåveskriving er ikkje særleg motiverande om ein aldri har skrive ein politisk analyse før og ikkje får opplæringa som trengs når ein fyrst prøver. Dessutan må ein bli utfordra som student, og gå meir i djubda på temaa som me diskuterer. Fordi eg kan love deg at me ikkje er dumme – berre prøv oss!
Så kva må me gjere? Me må ta diskusjonen. Korleis vil me at UiO skal sjå ut om 20 år? Kva må til for å få studentane våre endå flinkare? Korleis kan me fremje det mangfaldet av skular og meiningar som me ser spesielt på det Samfunnsvitskaplege Fakultet? Og korleis kan alt dette gjerast med dei midla me som institusjon får i dag? Eg inviterer dykk alle til å ta debatten.