MILJØBEVEGELSE:DERFOR ER SLAGET OM REPPARFJORD EIN VIKTIG MILJØ

Tekst: Jannicke Totland, Lektorprogrammet i kultur og samfunnsfag

Redaksjonen kommenterer: Jannicke Totland er ansatt i Natur og Ungdom.

Slaget om Repparfjord blir omtalt som ei av dei viktigaste miljøsakene i Noreg etter Alta-aksjonen.
Men, kva handlar saka eigentleg om? Og kva gjer den så viktig?

I strid med miljøfaglege råd Der samiske interesser og miljøverninteresser stod mot storskala vasskraftutbygging i Finnmark i Alta frå slutten av 60-talet til starten av 80-talet, er slaget om Repparfjord omtalt som «den nye» Alta-saka. Interessekonfliktene og måten saka råkar urfolk viser at det er overraskande mange parallellar mellom sakene. Medan det på 60- og 80-talet var strid om å byggje ned Alta-Kautokeinovassdraget, står striden no om å opne for gruvedrift i Kvalsund i Finnmark og dumpe avfallet i fjorden.

Nussir-feltet vart oppdaga på slutten av 1970-talet og er Noregs største uutvikla førekomst av kopar. I ein kort periode frå 1972 til 1978 dreiv Folldal verk eit ope dagverk i same område, der det norske mineralselskapet Nussir ASA no planlegg å utvinne kopar frå det gamle dagbrotet ved Ulveryggen, samt å byggje ei ny gruve ved Nussir-fjellet. Målet er å produsere rundt 50.000 tonn koparkonsentrat per år, som er ein liten promille av koparforbruket i verda.

I tillegg til å opne opp for gruvedrift i eit viktig naturområde, planlegg dei å dumpe 30 millionar tonn giftig gruveavfall i Repparfjorden. Noreg er eit av fem land som driv med gruvedumping i sjø og er det einaste som planlegg ny dumping i framtida. På tross av det, gav Miljødirektoratet løyve til gruveverksemda i 2016. Vedtaket vart klaga inn til Klima[1]og miljødepartementet, men løyvet til deponering av gruveslam i Repparfjorden vart haldt ved like. I 2019 fekk selskapet den endelege driftskonsensjonen frå Nærings- og fiskeridepartementet, og etter planen skulle bygginga av gruveområdet starte i år.

Håkon Solli (81) var sjøv under demonstrasjonane i Alta. Her viltjar han industritiomta der gruvedrfita er planlagt.

På vakt over fjorden

I ti år har miljøvernorganisasjonar og aktivistar arbeida for å hindre oppstart av gruvedrifta. Blant aksjonistane, er det fleire tusen som har skrive seg opp til at dei er villige til å nytte sivil ulydnad for å stoppe oppstartinga av drifta. Etter mange år med motstand starta arbeidet i sommar, og aktivistar frå heile Noreg har vore tilstade for å hindre arbeidet. I juni i år etablerte samarbeidsorganisasjonen «Stopp Nussirgruva – Redd Repparfjord» protestleiren «Markoppsynet», som har vore i drift frå 23. juni til stortingsvalet.

Målet med å halde leiren så lengje er å hindre at gruvearbeidet kjem i gang, før ei ny regjering eventuelt trekk tilbake tillatingane til å etablere gruva i eit viktig reindriftsområde og dumpe avfallet i ein fiskerik fjord. Sjølv om leiren vart oppløyst ved stortingsvalet vil det framleis vera oppsyn ved industriområdet utover hausten av lokale og tilreisande aktivistar. Sjølv om protestleiren ikkje har hatt like mange vitjande som Alta-aksjonen, har den slått rekorden om å vera den lengst varige aksjonen i Noregs historie.

Noreg er eit av fem land som driv med gruvedumping i sjø og er det einaste som planlegg ny dumping i framtida

Brei støtte om å hindre omstridt gruvedrift

Det er brei støtte i befolkninga og politiske parti for å hindre oppstartinga. Av partia har SV, Raudt, MDG, Venstre og KrF gitt eit tydleg standpunkt mot gruvedumping.

Elles har det vore mykje besøk i leiren av både lokalbefolkning og tilreisande for å støtte aksjonistane praktisk. Blant desse, er det også gitt store økonomiske bidrag til aksjonistane. Til dømes, har den rikaste mannen i Finnmark, Odd Viggo Mølmann, gitt aksjonistane ein million kroner til å betale eventuelle bøter. I tillegg til det, har Noregs største produsent av reinkjøt, Finnmark Rein AS, lova motstandarane 30 kroner per slakterein, som i år utgjer ein stad mellom 1 og 1,5 millionar kroner.

Jubelen var også stor i leiren då det tyske selskapet Aurubis, som er den nest største koparoppkjøparen i verda, brøyt ein tiårskontrakt til ein verdi av ti milliardar kroner med gruveselskapet. Brotet vart grunngjeve blant anna med at det må bli tatt større omsyn til visse sosiale aspekt ved prosjektet.

Like ved protestleiren har aksjonistane satt opp ein permanent vaktpost som skal hindre gruveselskapet i å halde fram med anleggsarbeidet i det planlagde industriområdet.

Noreg må følgje føre-var-prinsippet

Frå eit mviljøvernperspektiv, er dumping av gruveavfall i Repparfjorden ikkje akseptabelt av mange grunnar. Først må Noreg følgje føre-var-prinsippet, noko å dumpe 30 millionar tonn gruvefall ikkje står i tråd med. Det er inga tvil om at dumping av gruvemassar av denne storleiken vil drepe alt liv på havbotnen i deponiområdet. Kva konsekvensar det vil få for livet i resten av fjorden er usikkert, men i følgje føre-var-prinsippet i naturmangfaldlova står det at når det er manglande kunnskap skal tvilen koma naturen til gode – eit prinsipp som burde vinne i denne saka. Me burde ha lært nok av tidlegare feil for å forstå at fjorden ikkje vil tole eit sjødeponi tilsvarande 17 lastebillass i timen. I 20 år.

I tillegg til å opne opp for gruvedrift i eit viktig naturområde, planlegg dei å dumpe 30 millionar tonn giftig gruveavfall i Repparfjorden

Slik situasjonen er i dag ventar Nussir på tillating frå Miljødirektoratet på den siste utsleppsløyva dei treng, til kjemikaliet SIBX, som dei er heilt nøydde til å nytte. Havforskningsinstituttet åtvarar mot at SIBX er svært giftig for organismar som lev i vatn, og at Nussir sine eigne undersøkingar ikkje er grundige nok for å tillate utslipp av kjemikaliet.

Nussir ASA lovar at dei vil stanse sjødeponiet dersom det har større skade enn dei forventar. Det er bra, men diverre viser erfaringar frå tidlegare sjødeponi at det tek mange tiår før livet vender tilbake på havbotnen etter at det har blitt dumpa gruveavfall. Dette gjeld andre sjødeponi, som til dømes i Jøssingfjorden, men også til tidlegare erfaringar med gruvedumping i Repparfjorden på 70-talet.

Aktivistar hindrar ein anleggsmaskin i å starte arbeidet med den planlagde gruvedrifta.

Avgjerande for å ta vare på den viktigaste fiskebestanden i Noreg

I tillegg handlar saka om kor høgt me verdset dei ville fiskebestandane våre som Noreg har lova å gje særleg vern. Dette er særleg viktig då Repparfjord er ein viktig gytefjord for kysttorsk. Kysttorsken i Nord-Noreg er truga, noko som får store konsekvensar for kystfiskarane. Når det krev stor innsats for å byggje opp bestandane kan ein ikkje tillate dumping av gruveavfall i ein gytefjord. Då ein dreiv med gruvedumping i Repparfjord på 70-talet dumpa gruveselskapet akkurat i gyteområda til kysttorsken. Som ein konsekvens av det måtte kysttorsken flytte til ein annan stad, og bestanden vart redusert.

No planlegg Nussir ASA å dumpe avfallet sitt i eit område som overlappar med kysttorsken sitt nye gyteområde. Før ein tillater eit stort inngrep må ein og vurdere kva framtidige konsekvensar inngrepet kan ha. Me ser allereie at fiskeartar trekk nordover på grunn av global oppvarming, og Finnmarkskysten kan bli enda viktigare som gyteområder for skrei og torsk som held til i Barentshavet. Av den grunn kan det å ta vare på Repparfjord bli avgjerande for å ta vare på den viktigaste fiskebestanden i Noreg.

Av aksjonistane, er det fleire tusen som har skrive seg opp til at dei er villige til å nytte sivil ulydnad for å stoppe oppstartinga av drifta

Ein verna laksefjord

I tillegg til å vera ein viktig gytefjord for kysttorsken, er Repparfjord ein nasjonal laksefjord som Noreg har verna for å ta vare på den nordatlantiske villaksen. Reglane for denne ordninga slår fast at verksemd ikkje skal bli gitt løyve til dersom det fører til auka risiko for laksebestandane. Særskild vern for nasjonale laksefjordar betyr ingenting når det blir gitt løyve til å dumpe giftig gruveafall i dei. Kopar kan nemleg hemme luktesansen til laksefisk, slik at dei ikkje finn tilbake til elva der dei skal gyte. I tillegg vil daud havbotn redusere menga tilgjengeleg mat for laksen i fjorden drastisk. Etter aksjonistane si meining er derfor utsleppsløyvet i strid med regelverket for nasjonale laksefjordar og lakevassrag.

Ein trugsel for samisk reindrift og kulturutøving

Reinbeitedistriktet Fiettar, som ligg nærmast gruveområdet, bli sterkt prega av gruvedrifta. Området rundt Ulveryggen er viktig for reindrifta, og over 8000 rein beitar der årleg. Ein rapport av Protect Sápmi frå 2020 viser at reindriftsutøvarane i området kan koma til å måtte halvere tal på rein som følgje av dei planlagde inngrepa.

På tross av at Sametinget har gjort eit vedtak om at dei ikkje støttar gruveprosjektet på grunn av dei samla konsekvensane for fiske, reindrift, miljø, samisk kultur og samfunn, har Regjeringa konkludert med at gruvedrifta vil vera forsvarleg for reindrifta. Dette er sjølv om dei ikkje har oppnådd noko semje i konsultasjonar med reindrifta og Sametinget, og til tross for funna i rapporten.

Dette er problematisk blant anna då reindrift er avhengig av store naturområde kor reinen finn mat og ro. I tillegg er næringa allereie hardt pressa av vegar, hytteutbyggingar, kraftlinjer, vindkraft og klimaendringar. Det gjer at saka i Repparfjord handlar om kva belastning Noreg vil tillate for ei allereie pressa reindriftsnæring som står for både miljøvenleg matproduksjon og er avgjerande for samisk kultur.

Å utnytte overskotsmassar bør vera lønsamt

Koparen er omtrent ein prosent av massane Nussir skal ta ut av fjellet, der resten er rekna som overskotsmassar. Gruveselskapet har arbeida for å kartleggje alternative bruksområde for overskotsmassane, men dei har berre funne bruk for gråberget som utgjer ein liten del av massane. Det som står att, og er mest problematisk, er den finmalte avgangen ein har knust til små partiklar for å utvinne koparen. Dette er massar som ein bruker mykje energi for å hente ut av fjellet og det bør lønne seg å finne alternativt bruk for dei.

Rein som beitar på den planlagde industritomta.

Me burde ha lært nok av tidlegare feil for å forstå at fjorden ikkje vil tole eit sjødeponi tilsvarande 17 lastebillass i timen. I 20 år.

Kvart år hentar verda ut store mengder sand og grus til blant anna bygningsarbeid. Overskotsmassar bør kunne bli brukt i produksjon av ulike bygningsmaterialar, men det krev pengar og omfattande samarbeid på tvers av næringar. For å tvinge fram dette bør Noreg vedta to nye avgifter: avgift på deponi av overskotsmassar og avgift på uttak av jomfruelege massar.

Ein konsekvens av økte avgifter vil vera at entreprenørar vil leite etter billegare massar som overskotsmassar. Dersom det kostar pengar å deponere overskotsmassar på havet eller på land, vil gruveselskapa prøve enda hardare å finne nokon som vil kjøpe massane. Andre tiltak for å gjere dette mogleg er å redusere mengda overskotsmasse ved å redusere tempoet og dermed hente ut mindre kopar per år, samt å fylle tilbake store delar av massane i gruvegongane når utvinninga er ferdig.

Eit føregangsland for sirkulær økonomi

Det er inga tvil om at verda treng meir kopar som ein konsekvens av stigande befolkning, velstand og forbruk. På toppen av dette krev det mykje kopar når all fossil energi skal bli elektrifisert. Likevel er ikkje eit aukande behov ein grunn til at me skal tillate nye kopargruver til einkvan pris. At miljøkonsekvensane av kopargruver i andre land er større, er heller ikkje ein grunn til at Noreg skal ofre verdifulle økosystem og reindrift.

Dersom me ikkje finn ein måte å utvinne meir kopar i norsk natur utan uakseptable miljøkonsekvensar, så bør Noreg finne ein annan måte å bidra til verdas koparbehov. Eit viktig bidrag vil vera «urban mining», som inneber innsamling og resirkulering av verdifulle metall. I Noreg er me flinkare på dette enn resten av verda, men det er framleis eit stort potensiale, og å utvikle nye, gode system for dette kan ha globale ringverknadar.

I tillegg til det bør me gå i bresjen for å redusere unødvendig bruk av kopar. Sjølv med 100% gjenvinning av kopar så hadde me ikkje nødvendigvis dekka verdsbehovet, og ein må opne nye kopargruver. Men for å unngå at det blir opna unødvendig mange gruver med unødvendig miljøbelastning, må me redusere det unødvendige forbruket. For å redusere forbruk må me til dømes ha ein samferdselspolitikk som ikkje legg opp til at alle skal eige kvar sin el-bil i framtida. Dessutan må ein arbeide for lengre levetid på produkt, at det blir lettare å reparere ting, og at det blir enklare å leige framfor å kjøpe.

Rebekka Eriksen Ween og Torunn Bockelie Rosendal  frå Norsk Botanisk Forening har kartlagt området der Nussir ASA vil byggje ut. Der har dei funnet eit rikt artsmangfald, deriblant nokre raudlista artar og ein truga naturtype.

Bookmark the permalink.