Jusstudentane sin humanitæraksjon HumAk gjekk i år av stabelen 5. – 8. september på Tullinløkka.
På opningsdagen sto ingen ringare enn hjarteknusarane A1 frå milleniumsskiftet på scena.
Dei stilte tross alt opp på ein studentfestival, så overraskinga burde vore mindre då Christian Ingebrigtsen og Mark Read viste seg å vere svært så hyggelege og høflige mot representantar frå ei studentavis. Faktisk så hyggelege og høflege at det ikkje var tale om å plassere intervjuaren i enden av sofaen. Caught in the middle med umiddelbar angst for merkbar sveittelukt fekk såleis underteikna høyre om både suksess, anger, stempling og framtidsplanar.
Brunost og mjølk
Medan Christian bekymra seg for potensielt syltetøy i andletet under fotograferinga, var det kun språket som røpa at Mark ikkje var den norske representanten av dei to: «Where`s the brown cheese? You can`t have waffles without brown cheese..!»
Så blei det mellom vaflar med jordbærsyltetøy og gira juss-studentar at «Chris» og Mark tok ein sofapause frå lydprøvene. Tredjemann Ben Adams måtte diverre utebli, då han i følge Mark på det aktuelle tidspunkt hadde foten over hovudet i eit dansestudio. Mark hadde ikkje høyrt så mykje om HumAk, men såg fram til å spele gjorde han utan tvil.
– «Ein av dei villaste konsertane vi har gjort var faktisk på ein semesterstartfest for nokre år sidan. Alle var fulle før vi entra scena.»
På spørsmål om dette også gjaldt for bandet, repliserte Mark med intens hovudristing, samt påpeiking av at dei tek seg sjølve svært seriøst. Inntil Christian minna han på realiteten. Ein gong på Etne var nemleg folk så berusa i køa på vei inn til konsertområdet at sjølv dei profesjonelle måtte konsumere litt for i det heile teke å kunne nærme seg stemningsnivået til publikum. Latterfull var Mark då ikkje sein om å utfylle med detaljar:
– «Stemmer det, det var då vi drakk Jägershots etter kvar låt!
Shots har dessutan Christian klart seg utan ei stund, då han kunne skryte av ein nyleg gjennomført kvit månad. Noko Mark på si side aldri hadde høyrt om.
– «Betyr det at du kun får lov til å drikke mjølk? Det må vere nokre norske greier altså…»
Lojale fans
Frå det opphavlege A1 starta opp i 1998 og slapp sitt første album i 1999 har bandet gått frå å vere fire til tre, til å bryte opp og til å gjere comeback i 2009. I løpet av det siste tiåret har både Ben, Mark og Christian våre flittige låtskrivarar kvar for seg. Christian har i tillegg både spela i teater og, med Mark sine ord, blitt udødeleggjort på teiknefilm. Christian har nemleg dubba fleire filmar, sist i 2011 som stemma til Flynn Rider i To på rømmen. Med foten over hovudet er Ben i tillegg aktuell på skjermen som deltakar i Skal vi danse.
Med soloprosjekt på kvar sin kant var heller ikkje comebacket, nett som brotet i 2003, planlagt. Etter ein godt motteken opptreden på «Allsang på grensen» sa trioen ja til å setje opp julekonsert i Oslo. I kjølvatnet fylgde Melodi Grand Prix, nye singlar og nye album. Så var dei godt inne i det igjen, fortel Christian, «like a giant snowball rolling». Mark ler av den hyppige metaforbruken:
– «Er det den kvite månaden din du snakkar om igjen..?»
At det i dag er håp for A1 i ei verd med ustanselig oppkom av nye tenåringsheltar, og der Bieber kanskje ruvar høgast av dei alle, kan ein sjølvsagt setje spørsmålsteikn ved. Mark tek derimot heile pop-bølgja med salig ro, då han meiner at A1 sine fans er svært så lojale.
– «Det er utruleg å sjå at mange av dei same ansikta vi såg på konsertane for ti år sidan framleis er der i dag!»
Medaljen si bakside
Suksessen har vore stor, og både Christian og Mark vedgår at dei har vore heldige og privilegerte. Likevel tek Mark i bruk klisjeen «hadde eg berre visst då kva eg veit no», når han ser tilbake på sjølve storheitstida.
– «Det er mykje eg skulle gjort annleis dersom eg fekk sjansen. Kleda vi hadde på oss, for det første! Ikkje minst skulle eg tatt meg tid til å ta innover meg alt saman. Vi fekk liksom ikkje høve til å setje pris på det heile, vi tok oss ikkje tid til å nyte suksessane undervegs.»
Christian seier seg einig, og føyer til at dei no verdset og omfamnar den nye sjansen dei har fått.
Jamvel ei lang og suksessrik karriere, erkjenner Mark at kategorisering og stempling ikkje berre har ført godar med seg. Det å framleis ha «boyband» som vedheng når alderen har bikka 30 år gjer heller ikkje saka enklare. Briten meiner likevel at sjalusi og uvitenheit er hovudårsakene til dei vedvarande negative konnotasjonane.
– «Når det kjem til stykket har vi heller aldri tenkt på oss sjølve som boyband, men som låtskrivarar og musikarar. Vi skjønte ikkje kvifor merkelappen boyband blei tillagt oss. Det viktige for oss var tross alt musikken og låtskrivinga. Fram til Take on me skreiv vi alle låtane våre sjølve, det same gjeld for alt i etterkant av denne.»
Dersom nokon ser på A1 som eit «cheesy boyband», så er det heller ikkje desse som er bandet si målgruppe, forklarar Mark.
– «Når folk har gjort seg opp ei slik meining ville vi nok ikkje appellert til desse uansett kva vi hadde gjort av musikk. Desse vil ikkje vere i stand til å sjå forbi labelet, for så å kunne oppdage musikaliteten som ligg bak. Det er synd at der har vore så mange boyband som har vore med på å gitt termen slike negative konnotasjonar, for i eigentleg er det berre snakk om folk som er glade i å synge og å opptre. Når folk seier slikt som at «boyband er talentlause», så meiner eg at det rett og slett botnar i uvitenheit.»
Mot nye eventyr
Mark ser altså ingen grunn til ikkje å fortsette som band.
– «Dei siste ti åra har vi tileigna oss mykje erfaring. Vi har blitt betre skribentar, og vi har utvikla oss både som individ og som band. Så lenge folk vil sjå oss spele, og så lenge dei likar det, så er det klart at vi vil halda fram med det.»
I rota av det heile ligg ønsket om å underhalde. Christian poengterer at musikk dreiar seg om å få folk til å føle noko, og at det er her mykje av drivkrafta ligg:
– «It`s all about emotion. It could be making people wanna dance, or wanna cry, or feel heartache or whatever it is- we love seeing people feel something. »
Nytt album frå A1 kjem i november. Om det triggar kjærleikssorg, dans eller gråt, det står att å sjå.