Tragedianes år

«The lamps are going out all over Europe. We shall not see them lit again in our lifetime». Dette var Storbritannias utanriksminister Edward Greys resignerte og treffande kommentar kvelden 3. August 1914, mens han såg gatelysa i London vart slokke.

 

Grey levde i mange år etter krigen, men fekk ikkje sjå lampane tent igjen. Dei fire krigsåra fekk etterverknader for mange år framover, og nokre av lampane som vart slokk i 1914 er framleis mørke i dag. Ei tid kor Europa, i likskap med den gongen, slit med å tilpasse seg ein ny maktbalanse og verdsbilde.

 

Krigshissaranes siger
3. August 1914 erklært Tyskland krig mot Frankrike og at dei ikkje respekterte Belgias nøytralitet, som Storbritannia hadde garantert for. Men det var i Sarajevo det byrja. 28. Juni vart den Austerriksk-Ungarske tronarvingen skoten og drepen av ein serbisk nasjonalist i Sarajevo. Grey og Tysklands ambassadør i London Karl Max von Lichnowsky hadde heilt sidan «Skota i Sarajevo» drive omfattande diplomatisk verksemd for å unngå ein hemnkrig på Balkan mellom Austerrike-Ungarn og Serbia. Men ved inngangen til August handla det om å hindre ein europeisk storkrig. Ein krig som ikkje var ønskja av det politiske leiarskapet i Berlin og London, medan det vart oppfatta som ein moglegheit for å rette opp gamal urett i Wien og Paris. Når ein fekk ganga dette med ein stormannsgal, maktarrogant og æresfiksert tysk og russisk hærstab og kongehus vart fredsdiplomatane på kvar side i mindretal. Da krigserklæringa kom 3. August 1914 var dette krigshissaranes tragiske siger over det politiske diplomatiet. 1.verdskrig var eit faktum. Tragikomisk så var Austerrike-Ungarn og Serbia dei siste som erklærte krig mot kvarandre.

 

Menneskeleg tragedie
Krigserklæringa vart møtt med jubel i gatene i 1914. Krigsiveren var stor blant folk flest. Ei blanding av ønsketenking om at dei lange krigane høyrde fortida til, og ein anakronistisk tanke om krig som heltanes arena gjorde at folk trudde soldatane ville vera heime til jul. Kontrasten til korleis krigen faktisk vart kunne nesten ikkje vore større. Maskingevær og moderne artilleri gjorde at fleire tusen soldatar kunne miste livet for å ta ein åskam. Også var det gassen. Gassen som ikkje skilde soldat og sivil, stridande og såra, slagmark og sivilsamfunn. Det inhumane våpenet første gong vart nytta mot hjelpelause franske soldatar på vestfronten i 1914, og seinast mot uskuldige sivile i Syria i 2013. Ein stridsteknikk og kampstrategi som ikkje tok høgde for dei militærtekniske nyvinningane resulterte i enorme tap. Frontane fraus fast og ein ende opp med ein defensiv og utmattande stillingskrig. Den menneskelege tragedien var enorm. Ein reknar med at så mange som 8,5 millionar menneske mista livet, og da er ikkje dei sivile og dei nøytrale landa som vart råka rekna med.

1914: Mykje av krigen vart kjempe i djupe skyttergravar. Foto: John Warwick Brooke/Imperial War Museums Collection

1914: Mykje av krigen vart kjempe i djupe skyttergravar. Foto: John Warwick Brooke/Imperial War Museums Collection

Jul ved fronten
Soldatane vendte ikkje heim til jul. Dei feira jul ved fronten, i skyttegravane. Midt oppe i all den mørke lidinga representerer ei historie frå vestfronten julaftan 1914 eit humant lyspunkt. Historia fortel at det etter fleire dagar hardt bombardement frå begge sider vart ein stillstand i kampane. Ikkje noko artilleri, ikkje noko patruljering, ikkje noko angrep eller motangrep. Midt i eit uvanleg stille, snødekt og øyde landskap vart det vifta med kvitt flagg på fransk/brisk side. Tysk side svarte. Så skjedde det utrulege. Soldatane på begge sider gjekk opp av skyttegravane. Ikkje for å angripe kvarandre, men for å møtast. Møtast i eit ingenmannsland av ståltråd og granathòl. Midt i ein av historias største menneskelege tragediar valde dei som hadde sett kameratar bli lemlesta og drepne av motparten å møtast. Skepsisen var stor, dei siste metrane gjekk med museskritt og befalet på begge sider måtte ta dei avgjerande første handtrykka. Så helste soldatane på kvarandre, utveksla bilete av sine kjære heime, laga ein enkel feltjulemidddag saman, til og med spelte ein liten fotballkamp (i likskap med VM hundre år seinare vann Tyskland). Historia har i ettertid vorte tolka både av Paul McCartney i låten «Pipes of peace», og i filmen «Ein dag utan krig» frå 2005. Ut på julekvelden gjekk dei ned att på kvar sin side. Dagen etter byrja kampane igjen med ein fornya styrke. Fotball vart igjen geværkuler, handtrykk vart igjen nærkamp på liv og død og fellesmiddag vart igjen kamp om ressursane.

 

2014: Spora etter 1.verdskrig er tydelege den dag i dag.  Foto: SimonPix/Flickr Creative Commons

2014: Spora etter 1.verdskrig er tydelege den dag i dag. Foto: SimonPix/Flickr Creative Commons

Sterk stat og moralsk utholing
1. verdskrig var i stor grad prega av utmatting både ved fronten, og i dei sivile samfunna. Alle dei stridande landa opplevde etter kvart mangel på ressursar, og dei ressursane ein hadde, vart sendt til fronten. Ressursmangelen gjorde at dei sivile samfunna måtte omstille seg. Dei liberale ideane som hadde blomstra i Europa i tida før krigen måtte tragisk vike for tanken om ein sterk stat med monopol på makt og middel. I Tyskland fekk dette følgjer for at ein innførde planøkonomi i form av monopolselskap for produksjonsmidla og arbeidslivet, og at alle tankar om demokratisk utvikling vart lagt på vent. Denne utviklinga kan reknast som ein av føresetnadene for at autoritære tankar fekk støtte blant folk etter krigen. I ettertid er det påfallande at autoritære og fascistiske tankar fekk si mest ekstreme form i Tyskland, som hadde vore mest prega av statleg makt- og ressursmonopol under krigen. Når ein også hugsar på at Italia, Tyskland og Russland hadde svake eller ikkje-eksisterande demokratiske tradisjonar før krigen, vart den maktmonopoliserte staten nok ein murstein i grunnmuren for legitimeringa av eit autoritært regime. Mange har òg peika på at den moralske utholinga krigen påførte dei heimvendte soldatane, og kynismen som utvikla seg i kampen for overleving i dei svoltne sivilsamfunna var ein føresetnad for at europeisk antisemittisme kunne utvikle seg til den systematisk utryddinga som vart holocaust om lag 25 år seinare.

 

Frå framstegstru til modernitetsskepsis

 

Krigshandlingane hadde syna at moderne industriell teknologi også kan bli nytta som massedrapsmenn.


Ved inngangen til det 20.århundre var Europa prega av ei sterk framstegstru. Teknologiske vinningar, større gjennombrot for liberale idear og dei første tankane om ein velferdsstat prega samtida. For folk flest var dette foreløpig meir draum enn verkelegheit. Skilnadene mellom folk var store, arbeidslivet var i fleire samanhengar prega av djup splid mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar, 8-timarsdagen var enda ikkje lovfesta og fleire europeisk land, som Tyskland, opplevde mange «barnesjukdommar» med framveksten av eit demokratisk styre. Men ein trudde på draumen og framtida. «Sjå kor langt vi har komne på få år, det kjem». Denne trua vert for alvor knokke i løpet av dei fire krigsåra. Trua på teknologien og beundringa for det moderne industrisamfunnet var i 1918 erstatta med avsky. Det som før krigen var assosiert med folks beste hadde no vorte krondøme på tragedie og øydelegging. Krigshandlingane hadde syna at moderne industriell teknologi også kan bli nytta som massedrapsmenn. Skepsisen til det moderne industrisamfunnets teknologi og urbanitet hadde vore gjeldande i europeisk kunst og kultur sidan slutten av 1800-talet. Med 1. verdskrig utvikla dette seg til den rådande kulturelle strøyminga etter krigen: modernismen.

LA MITRAILLEUSE: Døme på modernistisk kunst. Bilete: Christopher Nevinson

LA MITRAILLEUSE: Døme på modernistisk kunst. Bilete: Christopher Nevinson

Modernisme
På same tid lanserte Freud psykoanalysen som la vekt på drifter, traume og menneskets irrasjonalitet. Fokuset flytta seg innover i mennesket, og sentrale tema i modernismen vart framandkjensle og rotløyse. Ein gjennomgåande tanke var at krigen hadde vore så umenneskeleg, at det gjekk ikkje lenger an å uttrykkje seg gjennom dei gamle realistiske formene og verkemidla. Dette vart assosiert med det gamle tankegodset som hadde vore med å starte krigen. Innafor kunsten ga dette utslag i oppløysing av sentralperspektivet. I musikken slutta ein å komponere tonal musikk. I litteraturen vart dei kjende formane brotene. Ikkje lenger noko sentrum i verkelegheita, ikkje lenger noko grunntone å vende tilbake til og ikkje lenger noko klare former. Kusten uttrykkja på den måten mykje av kjenslene folk flest hadde om samtida. Eit av dei mest kjende utrykka kom med romanane «Prosessen» av tsjekkaren Franz Kafka og «Den Store Gatsby» av amerikanaren F. Scott Fitzgerald. Romanane syner korleis arra etter krigen prega samfunn forskjellig på kvar side av Atlanterhavet. I «Prosessen» blir hovudpersonen vikla inn ein prosess mot han som han ikkje veit kva er og ikkje får vita kva er, og det meir han forsøker å koma seg ut, det meir blir han fanga. Mens i «Den Store Gatsby» møter vi personar som lev i stor materiell luksus, men med intellektuelt tomme liv. På eine sida eit marerittaktig tilvære, på andre sida svingande jazz, men felles for dei begge: ein tragisk meiningsløyse, tomheit og rotløyse ved tilvære.

 
Nye statar og leiare
Ikkje noko gjer ein statsleiar meir populær enn seier i krig, men ikkje noko gjer han meir upopulær enn ein mislykka krig. Da krigen vart avslutta i 1918 var dei politiske leiarane i dei stridande landa i stor grad bytta ut. Storbritannia og Frankrike hadde fått ny regjeringssamansetning. Både Tyskland og Russland hadde gått frå å vera monarki til å bli republikkar. Størst var omveltinga i Russland som gjekk frå eit samfunn med likskap til mellomalderens føydal samfunn til eit kommunistisk styre. Dei europeiske monarkia, med nokre unntak, fekk eit tragisk endelik i etterkant av krigen. Dette gjorde at det ikkje var dei same statsleiarane som hadde gått til krig fire år tidligare, som satt seg til forhandlingsbordet i Versailles i 1918. Og Europakartet dei teikna vart heilt annleis. Som følgje av tapet til sentralmaktene måtte Tyskland avstå store landområde, og Austerrike-Ungarn og Det Osmanske riket gjekk i praksis i oppløysing. Dette resulterte i mange nye statar på Balkan og i Sentral-Europa. For mange av desse statane representerte Versailles-freden frigjering frå gammal undertrykking av utdaterte imperium.

 

Versailles-freden: fredens tragedie.

 

Fred vart hemn, og forsoning vart forbitring.

VERSAILLES-FORHANDLINGANE: (Namna). Bilete: William Orpan/Imperial War Museums Collection

VERSAILLES-FORHANDLINGANE: (Namna). Bilete: William Orpan/Imperial War Museums Collection


Hovudmålet til USAs president Woodrow Wilson etter krigen, var å opprette eit Folkeforbund som ein forløpar til dagens FN. Håpet var at ein slik organisasjon skulle forhindre ein så stor menneskeleg tragedie i framtida gjennom forbrøring og forsoning. Men målet til Frankrikes statsminister George Clemenceau, var eit anna. Han ville straffe og svekke Tyskland så hardt at landet aldri meir kunne utgjera eit tryggingspolitisk trugsmål. Eit syn som var delvis støtta også frå britisk hald. Folkeforbundet vart oppretta, og vart på mange områder eit framsteg for internasjonal politikk. Men fredsavtalen innebar òg sveiande salt i såret for dei tapande landa, og i særs Tyskland som måtte ta på seg all skulda for krigen. Fred vart hemn, og forsoning vart forbitring. Om det er ein tragedie som står sentralt etter 1. verdskrig så er det hemnens tragedie over freden i glassalen i Versailles 11. november klokka 1100, 1918. Dette har i ettertid vorte rekna som ein av hovudgrunnane til at det som Eric Bogle syngjar i låten Green Fields of France: “[It] all happened again, and again, and again, and again, and again”.

[otw_shortcode_info_box border_style=”bordered” background_pattern=”otw-pattern-1″]Dei stridande

• Sentralmaktene: Tyskland, Austerrike- Ungarn, Det Osmanske Riket, Bulgaria

• Ententemaktene: Frankrike, Russland, Storbritannia (med samvelde land), Italia, Belgia

• USA kom inn på ententemaktene sin side etter at Tyskland erklærte uinnskrenka ubåtkrig mot alle handelsskip.

• Attentatet på den Austerriksk-Ungarske tronarvingen Franz Joseph og kone i Sarajevo 28. juni 1914 reknast som den utløysande årsaka til krigen. [/otw_shortcode_info_box]

Bookmark the permalink.